Gripla - 20.12.2014, Page 16
GRIPLA16
begge partar gode argument for sitt syn, og den lovlege rettsprosessen blir
avbroten med makt av den parten som ligg an til å tapa, og avbrotet skjer
når den andre parten er i ferd med eller skal til å føre fram tolvmannseid
for domarane. Her òg er den prinsipielle skilnaden fyrst og fremst at rol-
lene blir omsnudde: Andre gongen er det representanten for Kveldulv-ætta
som brukar ein framgangsmåte svært lik den han sterkt fordømde fyrste
gongen.
Denne tolkinga har støtte i holmgangen på Sunnmøre mot Ljot den
bleike, som egil stilte opp i for å skåne Fridgeir Gydason. Ljot og hans
“forretningsmodell” er framstilte uvanleg klårt negativt i soga;32 jamvel
namnet Ljótr inn bleiki ‘bleikstyggen’ fortel kva vi skal tykkje om han. Det
er tydeleg for lesaren at det er illgjerningsmenn som skaffar seg eigedom frå
andre med å skòra dei på holm og drepa dei der. Men på tinget like etter er
det akkurat dét Egil gjer. og fordi dette er direkte påfølgjande hendingar i
soga, er det vanskeleg å ikkje tru at forfattaren vil vi skal sjå episoden med
Ljot som bakgrunn for egil sin framgangsmåte mot Atle. I så fall skal vi
tenkje at det er skammeleg av egil å avbryte rettsprosessen, slik det var
skammeleg av kongeparet å gjera det sist.
Det tredje paret av tvitydige situasjonar er desse to holmgangane og
bakgrunnen for dei. Det er vanskeleg å avgjera om det er fridgeir eller
Ljot som har rett, men på ein litt annan måte enn i dei tidlegare tilfella, der
begge partar har hatt gode poeng reint juridisk. Fridgeir og dei har opplagt
den moralske retten, men Ljot har medhald av lova. Det same gjeld når Egil
utfordrar Atle på tinget; i begge desse holmgangssakene er det vanskeleg
å avgjera om den eine parten meir enn den andre har retten på si side.
samtidig er sakene parallelle i at det dreiar seg om å skaffe seg eigedom
gjennom holmgang når ein ikkje får det til på annan måte. Den prinsipielle
skilnaden er fyrst og fremst at egil andre gongen tek den posisjonen han
gjekk imot fyrste gongen. skiftet hans er framheva av at dei to holmgangs-
sakene kjem rett etter kvarandre i soga og av at egil fyrste gongen var så
negativ til holmgangsutfordringa at han risikerte livet for å stoppe ho.
Det fjerde paret gjeld korleis ein tek imot fiendar som kjem til ein.
når Skallagrim får veta at Bjørn Brynjolvsson har bortført tora og gift seg
med henne mot faren sin vilje, vil han leggja hand på Bjørn, sidan han er
fostbror med faren til tora. Men det kan han vanskeleg, når Bjørn alt har
32 Egils saga, kap. 64, s. 206.