Gripla - 20.12.2014, Síða 20
GRIPLA20
hestehovud med oppsperra kjeft på stenger når dei skulle i strid,44 rime-
legvis for å skremme fienden og følgjeåndene hans. I soga går det ikkje
mange sidene før Egil oppnår det han vil frå landvetta, som får hjelp av
Håkon Adalsteinsfostre.45 På bakgrunn av oppfatninga av landvættir som
dei eigentlege landeigarane, både i andre norrøne tekstar og Egilssoga, bør
vi truleg rekne med landeigarar i Borgarfjörður før Skallagrim.46 slik han
må avgjera om han vil ta imot Bjørn og dei, måtte landvetta avgjera om dei
ville ta imot kveldulv-ætta eller jaga ho. Faktisk kan det sjå ut til at forfat-
taren vil ha oss til å tenkje på skallagrim som eit slag landvette. som vi har
sett, stammar han frå ulvar, bjørnar og halvtroll (punkt 2), og landvettet
som jagar kvaltrollmannen frå landsdelen Borgarfjörður ligg i, er ein rise.
eit aspekt ved trolldomen som er brukt i soga styrker denne tolkinga, sjå
punkt 6. Dersom dette er rett, blir parallellen mellom Skallagrim og Bjørn
si kome til Borgarfjörður endå nærare.
5. tema: Problematisering av makt og eigedomsrett
kveldulv-ætta sitt posisjonsskifte i desse situasjonspara gjer at ætta si opp-
fatning av rett til fristad, eigedom, jord og ressursar blir problematisert.
Dette kan vi få nærare inntrykk av dersom vi ser også på par av situasjonar
der Kveldulv-ætta møter seg sjølv i døra eller får smaka sin eigen medisin
utan at begge situasjonane nødvendigvis er tvitydige.
eit slikt par finn vi i Harald Hårfagre si framferd i opninga av soga og
egil si framferd i den siste konflikten han er innblanda i. slik oppsum-
merer soga Harald sin framgangsmåte: Stormennene i fylka han la under
seg “måtte velja anten å gå i hans teneste eller fara frå landet, om dei ikkje
ville tòla hard medfart eller miste livet. somme vart lemlesta på hender
eller føter. Harald eigna til seg … all odelen og alt land, bygd og ubygd,
jamvel sjøen og vatna, og alle bøndene skulle vera hans leiglendingar. også
44 olaus Magnus, Historia om de nordiska folken, bd. 1 (Stockholm: Michaelisgillet, 1909–51
[1555]), 144.
45 Egils saga, kap. 59, s. 175.
46 også andre tekststader tyder på at ein meinte det var landvette på Island før landnåmet:
Dag Strömbäck, “Att helga land. Studier i Landnáma och det äldsta rituella besittningsta-
gandet,” i Festskrift tillägnad Axel Hägerström den 6. september 1928 av filosofiska och juridiska
föreningarna i Uppsala (uppsala: Almqvist & Wiksell, 1928), 202–203.