Gripla - 20.12.2014, Page 22
GRIPLA22
med i – er problematisering av rett til makt – over jord, folk og ressursar.
kven har rett til desse verdiane, og kvifor? kven skal lyde kven, og kvifor?
Måten dette blir gjort på er at Kveldulv-ætta sitt syn – og dermed den
islandske eliten i høgmellomalderen sitt syn – blir presentert som fasiten,
men samtidig problematisert, særleg gjennom tvitydige situasjonar der det
ikkje er så opplagt kven som har rett, når ein ser nærare etter, og gjennom
parsituasjonar der Kveldulv-ætta møter seg sjølv i døra med ideala sine,
slik som i konflikten med steinar, og i dei tvitydige parsituasjonane vi har
sett på ovanfor.
Kva ideal det dreiar seg om, såg vi litt på i punkt 2: “Det er det strid-
bare og uregerlige …. menneskes begreb om personlig frihed og ære”, seier
Meulengracht Sørensen. Det omgrepet vil eg presisere slik: “frie menn er
likeverdige.” Av det følgjer tre ideal som soga stiller opp:
i) ein skal ikkje leggja seg opp i andres saker.
ii) ein fri mann skal få ha eigedomen han har arva i fred.
iii) Ein fri mann skal sjølv kunne avgjera om og kva tid han vil tene
andre, også kongar.
Ideal i. og ii. ser vi m.a. i torstein / Steinar- konflikten, som er ein tol-
kingsnøkkel også fordi han er den einaste konflikten i soga mellom to
ætter på Island, altså i den fristaten flyktningane frå tyranniet utforma
etter eigne ideal. I samband med den konflikten er steinar framstilt svært
negativt. slik er dei òg framstilte, flesteparten av dei som med vald tvingar
til seg andres eigedom elles i soga, klårast kong Harald og Ljot den bleike.49
Motpolen er Egil og torstein si framferd på Island. om Egil blir det sagt
to gonger at han ikkje hadde rettssaker, drapsverk eller holmgangar mot
folk på Island etter at han slo seg til ro der, og det blir sagt at han ikkje la
seg opp i andres saker der i landet.50 torstein er tydeleg idealisert i samband
med konflikten med Steinar, som “klok, roleg, spakvoren og måtehalden”
(vitr maðr ok kyrrlátr, hógværr, stiltr manna betzt). Han er “ærleg og rettvis
og egla seg ikkje inn på folk, men heldt på retten sin, dersom andre trødde
han for nære” (órefjusamr ok réttlátr ok óáleitinn við menn, en helt hlut sínum,
49 Egils saga, kap. 3–4, 63–64.
50 Egils saga, kap. 65, 78, s. 211, 257; kap. 65, s. 211.