Gripla - 20.12.2014, Side 23
23
ef aðrir menn leituðu á hann).51 Klårare kan det ikkje seiast. Den same hald-
ninga ser vi i kveldulv sine råd til torolv når han fer til kong Harald.52
Ideal iii. går klårast fram av måten soga stiller kongane Harald og
Adalstein mot einannan på, som alternative kongstypar. Harald krev at
alle skal vera “hans leiglendingar” og at alle stormenn skal koma til han og
gå i hans teneste. når Kveldulv prøver å vri seg unna, blir kongen harm,
og det ordnar seg fyrst når sonen torolv kjem heim frå viking og går inn i
kongshirda. På same måte krev kongen å rå for om hirdmennene hans skal
vera ved hirda eller heime på gardane sine og oppfattar det som fiendskap
når torolv insisterer på å sitja heime.53 I teneste hos kong Adalstein, deri-
mot, kan egil koma og gå som han vil,54 kongen seier berre at han føretrek-
ker å ha Egil hos seg og lovar at han i så fall skal få så stor rikdom og høg
stilling som han måtte ønskje seg.55 Den ulike haldninga ser vi òg i korleis
kongane bøter for dei to torolv-ane. når Skallagrim kjem til kong Harald
og bed om bot for broren, som kongen eigenhendig har drepe på grunn av
baksnakking, stiller kongen som vilkår at Skallagrim sjølv går i teneste hos
han. Det er sjølvsagt ikkje aktuelt for Skallagrim, når han veit korleis det
gjekk med broren. Adalstein har ei heilt anna haldning: når torolv d.y.
er drepen fordi kongen plasserte brørne kvar for seg i eit slag, mot Egil
sin vilje, kjem egil til kongen i gildehallen om kvelden, og er rasande.56 Då
går kongen ned frå høgsetet og stiller seg på same plan som Egil og retter
han ein stor gullring på sverdet sitt over langelden. Då roar Egil seg og
kved ei takkestrofe til kongen, som straks gjev Egil to kister fulle av sølv
i bot for broren, heilt utan slike vilkår som Harald stilte. tvert imot kan
egil fritt forlata kongen kort tid etter dette. I scenen ved langelden skaper
kongen ei symbolsk jambyrdigheit, peikar Meulengracht Sørensen på.57
Dette tilhøvet mellom konge og kongsmann ser vi òg i idealtilstanden før
Harald Hårfagre: når kong Audbjørn i fjordane samlar folk for å hjelpe
51 Egils saga, kap. 79, s. 274; kap. 84, s. 293. Jamfør Meulengracht Sørensen, Fortælling og ære,
145.
52 Egils saga, kap. 5, s. 15.
53 Egils saga, kap. 4, 5, 6, 22, 16.
54 Dette har Vésteinn Ólason peika på, Dialogues, 194.
55 Egils saga, kap. 55, 62.
56 Scenen er skildra på ein interessant måte drøfta i Eldar Heide, “Auga til Egil. Ei nytolking
av ein tekststad i egilssoga,” Arkiv för nordisk filologi 115 (2000): 119–24.
57 Egils saga, kap. 55; Meulengracht Sørensen, Fortælling og ære, 128.
MøtE I DørA