Gripla - 20.12.2014, Page 24
GRIPLA24
sunnmøringane mot kong Harald, kan Kveldulv og andre fritt velja om dei
vil følgje han (ut frå eigne vurderingar av om det kan nytte).58
Det kan knapt vera tvil om at soga stiller dette opp som allmenne ideal
og som kveldulv-ætta sine ideal. Likevel blir kveldulv-ætta sin omgang
med desse ideala problematiserte gjennom heile soga. Det skal vi no sjå
ein del døme på.
6. fleire døme
ser vi nærare etter, så er egil sin arverettsargumentasjon på heradstinget
innhol. I og for seg har han full dekning for sitt poeng, det er uakseptabelt
å prøve å ta jord frå arvingen til den som har gjeve ætta di garden sin. som
vi har sett, har egil respektert andres eigedom på Island, jamvel om han
tydelegvis har hatt makt til å ekspandere, om han ville. Likevel meiner
Ånund, som prøvde å få til forlik, at domen er fullstendig partisk og seier
han etter dette kjem til å gjera alt han kan for å skade torstein.59 Domen
er nok partisk (jf. Andersson og Vésteinn Ólason i pkt. 2.). når den som
har gjort noko gale legg saka i den fornærma sine hender til avgjerd, frivil-
lig og tillitsfullt, så blir det venta storsinn, då skal ein døme slik at begge
partar kan leva med domen. Denne tankegangen er det tallause døme på
i rettssaker i islendingsogene, og det er to døme i Egilssoga: Det ville vera
níðingsverk av kong eirik å drepa egil i england, fordi han frivillig og til-
litsfullt hadde gjeve seg i hans vald, og tilsvarande skammeleg av skallagrim
å leggja hand på Bjørn, av same grunn. Men Egil nøler ikkje med å knuse
motparten som har gjeve seg i hans vald. Dette er altså endå ein tvitydig
situasjon: Egil misbrukar makt og tillit stygt, men ut frå eit resonnement
som er uangripeleg.
Problematiseringa av egil si framferd blir endå tydelegare om vi ser
konflikten mellom steinar og Ånund på bakgrunn av andre konfliktar i
soga. egil avbryt rettsprosessen på tinget i Borgarfjörður med overmakt
på same punkt som kong eirik og Gunnhild gjer det på Gulatinget (pkt.
4), nemleg når det ser ut til å gå mot nederlag i den lovlege prosessen. som
torfi tulinius har peika på,60 er steinar si utfordring av torstein parall ell
58 Egils saga, kap. 3–4.
59 Egils saga, kap. 79–82.
60 torfi tulinius, Skáldið, 39–40.