Gripla - 20.12.2014, Page 25
25
til oppreisten mot kong Adalstein i England i midten av soga: Alfred den
store samla england, og så har sonen edvard styrt riket i mange år, men
når den unge og urøynde sonesonen Adalstein tek over, ser storm enn-
ene i utkantane av riket sjansen til å prøve å rive seg lause, seier soga.61
tilsvarande etablerte Skallagrim eit hovdingdøme, det har sonen Egil styrt
i mange år, og når sonesonen torstein skal ta over, då blir han utfordra av
ein som ikkje trur han er røynd og sterk nok til å halde på makta. I begge
tilfella er det utkantområde i riket / eigedomen det står om, og i begge
tilfella viser det seg at utfordrarane forreknar seg.
samtidig er seriane skallagrim – egil – torstein og Alfred – edvard –
Adalstein langt på veg parallelle til kongeserien Harald Hårfagre – eirik
Blodøks – Håkon den gode. Soga set kong Alfred tydeleg på linje med
Harald: Det står at det var han som samla England og at det var på Harald
Hårfagre si tid.62 Rett nok er Håkon son til Harald, ikkje eirik, men han
er likevel den andre arvtakaren til riksgrunnleggjaren, slik som torstein
og Adalstein.
Desse parallellane styrker inntrykket av at forfattaren vil ha oss til å sjå
skallagrim, egil og torstein som funksjonelle kongar i Borgarfjörður (jf.
pkt. 4 og 5). Men meir interessante er problemstillingane som følgjer av
desse parallellane. Dersom Steinar og Ånund svarar til opprørarane mot
Adalstein i England, så svarar dei òg til opprørarar mot kongen i noreg.
Då burde ikkje Egil ha så lite forståing for dei, forsiktig sagt. Ein viktig
skilnad er sjølvsagt at Skallagrim ikkje tok sitt hovdingdøme frå nokon
med vald. Det kjem eg att til. Likevel møter Kveldulv-ætta seg sjølv i
døra på fleire måtar når det gjeld denne problemstillinga. Det Egil hjelper
Adalstein med i england er nettopp å slå ned slike lokale stormenn som
Kveldulv var i noreg og som sønene og sonesønene til Kveldulv ville ha
vore, dersom ikkje ætta hadde emigrert. Dette vil visst forfattaren ha oss til
å tenkje, for det står at opprørarane mot Adalstein var dei som hadde tapt
riket sitt til “forfedrane” hans Adalstein (langfeðgum),63 altså kong Alfred,
som svarar til rikssamlaren og tyrannen Harald i Noreg. egil hjelper også
tilsvarande noregs-konge med dette: Kong Harald hadde lagt under seg
värmland, men på Håkon si tid er jarlen der lite tru mot kongen, og skat-
61 Egils saga, kap. 50, s. 128.
62 Egils saga, kap. 50, s. 127.
63 Egils saga, kap. 50, s. 127.
MøtE I DørA