Gripla - 20.12.2014, Qupperneq 26
GRIPLA26
tekrevjarane han sender forsvinn. For å skjerme ein slektning som er i
unåde hos kongen, tek egil på seg å hente skatten frå värmland, og klarer
det, etter store strabasar. Opplysningane han kjem att med gjer at kongen
neste sommar fer og herjar og brenner värmland og legg det under seg på
nytt. ei liknande rolle tek torolv kveldulvsson i nordaustenden av riket
til kong Harald sjølv: når han skal samle sameskatten i Finnmǫrk, fer
han med mykje større krigarfølgje og mykje lenger nordover og austover
enn det som har vore vanleg.64 Både torolv og egil hjelper altså sentral-
kongane, både i Noreg og i england, med å sikre eller utbreie makta si i
utkantområde, altså over stormennene i dei områda der dei ville hatt størst
sjanse til å klare seg mot sentralkongen, parallelt til at torstein med hjelp
av egil sikrar makta i sitt utkantområde. torolv kveldulvsson hjelper òg
kong Harald med å slå alliansen av slike som kveldulv, i Hafrsfjordslaget,
i tillegg til at Kveldulv ikkje bryr seg om å støtte sin eigen småkonge mot
Harald før Harald blir altfor mektig.65 Hadde kveldulvingane vore trugne
mot sjølvforståinga si, skulle dei gjort det motsette i desse sakene, eller i
alle fall hatt større forståing for Steinar. Det kunne dei ikkje, men spørs-
målet blir likevel problematisert.
fordøminga av Steinar, Ljot den bleike og Harald Hårfagre er òg pro-
blematisk på bakgrunn av den herjinga som alle mennene i kveldulv-ætta
driv med. Er det verre av Steinar å prøve å ta myrenga frå torstein, eller
av Ljot å ta gardar frå folk med holmgang, eller av kong Harald å gjera det
med store hærar, enn av kveldulvingane å ta gods frå folk i andre land på
same måten i viking? – det er særleg på den tida Harald tvingar Noreg
under seg at kveldulvingane og venene deira er i viking – eller av torolv å
gjera det på Finnmarkene? (Han får samla mykje meir skatt enn forgjenga-
rane fordi han fer med mange fleire krigarar,66 altså er det snakk om å truge
til seg gods.) som vi har sett (punkt 4), problematiserer soga òg at egil tek
gardar frå folk på same måte som Ljot.
Som nemnt, tok ikkje Skallagrim “riket” sitt frå nokon med makt, ulikt
Harald og Alfred. Men på torstein si tid har det mindre å seia, på grunn
av tida som har gått. Den som arvar noko som har gått i arv i fleire gene-
rasjonar har arverett til det, uavhengig av korleis ætta fekk det i utgangs-
64 Egils saga, kap. 70–76, 10–14.
65 Egils saga, kap. 9, 3.
66 Egils saga, kap. 10 og 14.