Gripla - 20.12.2014, Side 31
31
over seg. egil vel ikkje det siste alternativet fullt ut, slik normalen er i islen-
dingsogene. Men han vel heller ingen av dei andre fullt ut, og vrakar ingen
av dei fullt ut. Han held seg svært mykje i Noreg, og når Håkon tek over
som konge der, bed han om å få gå i hans teneste der. Når egil hamnar hos
kong eirik i england, er han på veg til Adalstein for å ta imot tilbodet frå
sist om varig kongsteneste og bustad i england.82
7. Oppsummering av tolkinga
som vi ser, er det ei grunnleggjande og gjennomgåande tvitydigheit i
framstillinga av kveldulvingane og ideala deira, ei problematisering av for-
døminga av norskekongen som tvinga dei til å forlata forfedrane sitt land.
På overflata stør soga Kveldulv-ætta og det islandske aristokratiet sin “of-
fisielle” idé om at det islandske samfunnet er bygd av frie menn i gjensidig
respekt, som ei ideell motvekt mot norskekongens tyranni. Men på eit
djupare plan problematiserer soga denne ideen. Det skjer særleg gjennom
tvitydige situasjonar der det ikkje er så opplagt kven som har rett, når ein
ser nærare etter, og gjennom motstillingar og parsituasjonar der kveldulv-
ætta møter seg sjølv i døra med ideala sine. Verdiane Kveldulv-ætta står
for blir avslørde som sjølvbedrag. Dei islandske stormennene – både i
landnåmstida og då soga vart skriven på 1200-talet – lever på ein illusjon,
ei livsløgn, så å seia. Dei innbiller seg at idealet deira er eit kollektiv av frie
og uavhengige storbønder og hovdingar, som vil vera jamlikar utan konge
over seg, og som respekterer dei andres rett. Men i røynda er verdigrunn-
laget opportunisme og ikkje prinsipielle standpunkt. ein er imot valdsbruk
frå kongar og andre så lenge det går ut over ein sjølv, men tek gjerne ei
tilsvarande rolle som kongen når ein kan, eller hjelper kongen med det
prosjektet ein fordømer, når ein tener på det.
Resultatet av problematiseringa er likevel ikkje noko anna svar på kva
som er rett eller gale, berre problematisering – kanskje for å gje større
sjølvinnsikt. Spørsmål som “Kven har rett til makt – over jord, folk og
ressursar? kvifor det? kven skal lyde kven, og kvifor? kor går grensa
mellom arverett og valdsrett? Kva rett er det i røynda ein har og brukar?
Arveretten? Valdsretten? Bør ikkje vald gje nokon rett i det heile?” har ikkje
82 Egils saga, kap. 63; s. 177 jf. 145; kap. 59, jf. 55.
MøtE I DørA