Gripla - 20.12.2014, Qupperneq 32
GRIPLA32
endelege svar; alt som finst er gode argument – for gjensidig utelukkande
standpunkt. På denne måten kan ein sjå soga som ein kjempestor variant
av dei tvitydige situasjonane som særmerker islendingsogene (pkt. 3).
Det er ein del bolkar og episodar i Egilssoga mange forskarar ikkje rikt-
ig har fått til å passe eller til å ha funksjon i ein overordna tematikk eller
handlingskjede. Det gjeld m.a. Värmlands-ferda83 og konflikten mellom
torstein og steinar på slutten, som har vore rekna som mogelege tillegg til
soga.84 Skrøpelegheita til Egil på slutten har ein òg tykt er merkeleg fyldig
framstilt. Den siste Englands-ferda blir av ein del oppfatta som umotivert,85
og Vésteinn Ólason meiner plottet etter den ferda er tynt. Andersson
meiner konflikten i soga heilt frå torolv Kveldulvsson døyr er anstrengd
og tynn og føreslår at forfattaren måtte finne opp arvekonfliktane til Egil
for å få til framdrift i soga.86 Etter mitt skjøn fell grunnlaget for desse syns-
punkta bort dersom tematikken i soga er problematisering av rett til makt,
jord og ressursar. värmlands-ferda (og tenesta hos kong Adalstein) er då
med på å vise korleis Egil, sjølvmotseiande, hjelper kongen mot slike som
kveldulvingane. Noko av det same viser konflikten med torstein, nemleg
at rollene er omsnudde mot slutten av soga; kveldulvingane har enda opp
med den rolla kongen hadde mot dei i fyrstninga (pkt. 6). Avmakta til
Egil når han er skrøpeleg på slutten understrekar at heller ikkje han, som
preikar arverett framføre valdsrett, men tvingar ei pervertert forståing av
arveretten gjennom med valdsmakt (pkt. 5. og 6.), får viljen sin utan fysisk
makt. York-ferda viser at Egil ikkje har klart å velja land / livsalternativ
og får fram den ironiske konsekvensen av at egil klarte å vende rollene,
så norskekongen sjølv (Eirik) vart landflyktig frå noreg (sjå pkt. 6).
Arvekonfliktane, som driv mykje av handlinga etter at torolv kveldulvsson
er død, problematiserer avvisinga av valdsretten til Harald Hårfagre; gjen-
nom heile soga blir samhøvet mellom arverett og valdsrett drøfta.
tematikken eg skisserer er ikkje den einaste i soga, men han høver
godt med det som Andersson, Meulengracht Sørensen, Harris og fleire har
føreslått, på grunnlag av tvitydigheita i Egil-bolken, nemleg at Egilssoga er
ein kommentar til utviklinga på Island på 1200-talet, då samfunnsforma
83 t.d. hos Andersson, Icelandic Family Saga, 108.
84 sjå torfi tulinius, som ikkje sluttar seg til dette, Skáldið, 28–29, 238–239.
85 t.d. Bjarni einarsson, Litterære forudsætninger, 205.
86 Vésteinn Ólason, “Inngangur,” 90; Andersson, Icelandic Family Saga, 108–109.