Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 80
78
GRIPLA
b0kene til Theodore M. Andersson The Icelandic Family Saga (1967) og til
Lars Lönnroth Njáls Saga (1976) finn vi sáleis ikkje eit ord om Vergil.
Denne togna om ein forfattar som ruvde sá h0gt báde i antikken og i mel-
lomalderen, vert likevel betre skj0nleg nár ein dreg seg til minnes korleis det
litterære studiet av sogetekster og studiet av tilh0vet mellom sagalitteraturen
og framand litteratur har vaksi fram.
Utgangspunktet var som kjent det vanlege synet i det 19. h.á. at sogene var
oppteikning av tekster som fyrst hadde vori overlevert munnleg. Med grunn-
lag i ei slik overtyding fann granskarar som Finnur Jónsson, Andreas Heusler,
Knut Liestpl, ja til og med Fredrik Paasche, ingen grunn til systematisk jam-
f0ring av sagaprosaen med antikkens og mellomalderens dikting og prosa pá
latin (slik m.a. i Paasche 1934:144). Hallvard Lie páviste grunnleggjande
skilnad pá Snorris litterære sagaprosa og munnleg forteljing, men meinte
framleis at sagatekstene var bygde pá munnleg overlevering (Lie 1937: 122-
125, jfr. t.d. 1982:47-48). „Den islandske skulen“ (Björn M. Ólsen, Sigurður
Nordal, Einar Ól. Sveinsson) hevda at den profane sagalitteraturen i prinsip-
pet er skapt av medviti arbeidande forfattarar, som bygde dels pá munnleg,
dels pá skriftleg overlevering, men at denne skriftlege overleveringa i hovud-
sak var heimleg, ikkje „lærd“ og framand.
Det store omslaget kom i andre halvparten av várt hundreár med gjennom-
brot for det synet at sagalitteraturen i utgangspunktet ikkje er spesifikt nor-
disk, men ei grein av den allmenne europeiske litteraturen (Poul Rubow,
Bjami Einarsson, Hermann Pálsson). Det har vorti lagt vekt pá innverknad frá
framand religips litteratur (Hermann Pálsson, Régis Boyer), frá fransk truba-
durdikting (Bjami Einarsson), frá framand historisk litteratur (Lars Lönnroth,
Sverrir Tómasson) og franske riddarromanar i prosa (Carol Clover).
Det som granskarane derimot hittil ser ut til á ha vori heller lite interesserte
i, er den litteraturen som over alt var dagleg kost i latinskulane, og der antik-
kens heidne diktarar stod sentralt, ikkje minst Vergil. Vi er altsá no til sjuande
og sist komne fram til á leggja vekt pá gransking av dei kjeldene til framand
páverknad pá sagalitteraturen som logisk sett burde ha vori noko av det fyrste.
2 Dido
Alle Vergils verk var kjende i mellomalderen. Men det verket som fekk den
stprste interessa og innverknaden, var det veldige eposet Æneiden i 12 b0ker,
som fortel om ferda til den trojanske helten Æneas, etter det homeriske Trojas
fall, frá Troja via Karthago til Italia, der Æneas og fylgjesveinane hans vert