Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 123
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
121
Laxdœla saga. Somme kvinnefigurar, som dronningane Gunnhildr konunga-
móðir eller Sigríðr in stórráða kan minna om Hera eller Afrodite hjá Homer
eller Juno hjá Vergil. Men báde eddadikta og sagalitteraturen har og andre
typar, med eit sjeleliv som er meir samansett og spanande, i rpynda endá meir
spanande enn hjá Vergil, skaldetypar som Egill Skallagrímsson og Gísli Súrs-
son, eller kvinnetypar som Guðrún Osvífrsdóttir og Helga in fagra. Men jam-
vel desse meir sofistikerte typane er hovudsakeleg skildra som einskildin-
divid. Vi hpyrer lite om intimt hopehav mellom dei og andre menneske, vel
mest der dei opnar seg i dikting (Egill Skallagrímsson). Typane til Vergil kan
nok ha vori verksame som modellar. Men i den norrpne litteraturen er person-
typane ofte mykje meir varierte og særmerkte.
Somme har meint á kunna pávisa ei personleg utvikling hjá Æneas. Heinze
kallar Æneas „einen in der Schule des Schicksals werdenden Helden“ (1903:
268, Oppermann 1976:148) og Búchner seier (1976:283):
Die römische Odyssee Vergils ist ... nicht ein Úberstehen wie bei
Odysseus, sondem ein Bestimmterwerden und ein Reifwerden fúr
eine Aufgabe.38
Andre avviser derimot tanken pá utvikling hjá Æneas, t.d. Burck (1976:256,
med merknad 48). Sá vanskeleg som dette spprsmálet er, má vi tru at det
ikkje har eksistert som noko problem for lesarane av Æneiden i mellom-
alderen.
I sagalitteraturen plar personlegdomstypane vera gjevne ein gong for alle
i kvart sogeverk. Men vi har unntak, dpme pá „fremadskridende Charakterer“
(Carsten Hauch), som Olav den heilage i Snorris soger om han, Njáll
Þorgeirsson i Njála, Guðrún Ósvífrsdóttir i Laxdœla. Det ligg nær á tru at
dette representerer sjplvstendig og original utvikling innan sagakunsten
(EinarÓl. Sveinsson 1928:271-296, 1956:64-90).
4.10.8 Tankar og kjensler ikkje direkte skildra, men kjem fram gjennom
replikkar og handlingar
Vergil kan ha lange avsnitt der han skildrar personars tankar og kjensler. Som
i byringa av Æneiden bok IV (1-5):
381 Der kleine Pauly seier Biichner (1975:1197): „Aeneas ist der Mensch, der den Willen des
Fatum ganz erfiillt. Weder stoischer Weiser noch Heiliger, durchláuft er zwar keine «Charakter»
- Entwicklung, erkennt aber die vom Fatum gestellte Aufgabe immer deutlicher und wird sicher-
er in seinem Handeln."