Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 82
80
GRIPLA
og vápna til Æneas som var feste til senga, skal fylgja med, fyrst og fremst
sverdet. Elles er bálet bygd av feit furuved og vedskier av eik. Ein figur som
representerer Æneas, vert lagd pá bálet (IV:504—508):
At regina, pyra penetrali in sede sub auras
erecta ingenti taedis atque ilice secta,
intenditque locum sertis et fronde coronat
funerea: super exuvias ensemque relictum
effigiemque toro locat, haud ignara futuri.
Men dá det veldige bálet var reist pá fundamentet inst i huset under open
himmel av spik-furu og eikeskier, prydde dronninga staden med kransar og
gravferdslauv, og la dertil kleda og det etterlatne sverdet og biletet pa senga,
fullt medviten om si framtid.
Men Dido ventar med á kveikja bálet. Neste morgon ser ho likevel at all von
er ute. Ho oppdagar at Æneas har siglt bort med floten sin (IV:586-591).
Fyrste tanken hennar dá er á samla skip og setja etter (IV:592-594). Ho
fantaserer om korleis ho skal hemna seg (IV:600-602);
Non potui abreptum divellere corpus et undis
spargere? Non socios, non ipsum absumere ferro
Ascanium patriisque epulandeum ponere mensis?
Kan henda skulle eg riva kroppen hans i stykke og spreia dei utover havet?9
Kunne eg ikkje drepa fylgjesveinane hans, ja til og med sjplve Ascanius, og
setja han pá bordet forfar hans til festniaí!10
Men Dido skjpnar snart at dette er vonlaust. Ho ropar dá ut ei mektig for-
banning over Æneas, trojanane og romarfolket i framtida (IV:614-629), og
heilt frá seg av sinnsoppror skrid ho deretter til sjplvmordet (IV:645-653):
9 Allusjon til den greske segna om Medea. Dá ho vart forfylgd av far sin, drap ho, i fylgje ein
versjon av segna, bror sin, Apsyrtos, og spreidde stykke av han utover pá stader der ho rekna
med at far hennar skulle koma, for á hefta han bort.
10 Denne tanken til Dido har Vergil henta frá greske segner. Kong Atrevs hemnde seg pá bror
sin, Thyestes, ved at han drap to spner for Thyestes og let bror sin eta dei. Men her kan og vera
tenkt pá segna om Procne, ei dotter av kong Pandion i Attika, som var gift med Terevs, konge i
Trakia. Med honom hadde ho sonen Itys. Men dá Terevs valdtok syster hennar, Philomela, drap
Procne Itys og servere han til mat for Terevs. Om dette er det fortalt t.d. av Ovid i hans Meta-
morphoses bok VI og XV (jfr. og Heusler 1913:358-361, Jón Helgason 1962:110). -Ascanius
var ein son som Æneas hadde med seg frá Troja.
x