Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 81
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
79
opphav til Romarriket. I Karthago har Æneas kjærleikseventyret sitt med
dronning Dido.
Det elementet i Æneiden som gjorde sterkast inntrykk i mellomalderen,
var Didos kjærleikstragedie. Eiliv Skard (1971:30) seier: „Hele stemningen i
Æneiden er preget av tragedien til denne kvinne som Vergil avvekslende kal-
ler pulcherrima og miserrima.“
Dá Æneas har vorti sterkt hugteken av Dido, vert overguden Juppiter
ottefull for at Æneas skal glpyma den oppgáva han var esla til av gudane, á
grunnleggja eit rike i Italia. Juppiter sender difor sonen sin, guden Hermes, til
Karthago. Hermes finn der Æneas fullt oppteken med á hjelpa til med á
byggja Karthago og kledd i klede som han hadde fátt som gáve frá Dido
(IV:261-264; jfr. XI:72-75):
Atque illi stellatus iaspide fulva
ensis erat Tyrioque ardebat murice laena
demissa ex umeris: dives quae munera Dido
fecerat et tenui telas discreverat auro.
Og han hadde eit sverd prydd med gule jaspis-steinar
og ei kappe som glpddc av purpur frá Tyros, hekk ned frá
akslene hans: Det var gáver som den rike Dido
hadde vovi og brodert med fin gulltrád.7
I ein draum viser Hermes seg for Æneas og minner han om kva han er esla
til. Æneas er lydig og set seg no fpre á sigla bort. Dá Dido merkar at Æneas
er i ferd med á svikta henne, tek ho til á tenkja pá á ta livet sitt. Men til á
byrja med lpyner ho planane sine. Ho fár syster si, Anna, og ei prestinne frá
det fjerne vest til á hjelpa seg med á gjennomfpra ein magisk seremoni som
kan tydast som ein hemn: Dei fprebur ei symbolsk brenning av Æneas, med
di dei byggjer opp eit bál i lpynd av ektesenga til Dido og Æneas.8 Dei kleda
7 Omsetjingane frá latin til norsk er av Hallvard Magerpy, der ikkje anna er opplyst.
8 Ei magisk átgjerd. Plessis og Lejay (1918:425, merknad 6): „Effigicm: dans les cérémonies
magiques, on représente la personne qu’on veut atteindre par une image de cire. Voy. Hor. Sat. I,
8, 30.“ Wissowa (III 1899:342, 352): „Die Sitte, dem Toten allerlei Geráte mit in das Grab zu
geben, tritt seit friihester Zeit auf. ... Die Ersetzung der nicht vorhandenen (wie die des Germa-
nicus) im Auslande verbrannten Leiche durch ein plastisches Bild des Verstorbenen bezeichnet
Tac. ann. III 5 als velerum institutum.“ - Eitrem (1933:34) meiner at fpremálet med den store
offerseremonien opphavleg var uklárt og dobbelt: Anten á vekkja kjærleik hjá Æneas pá nytt,
eller á stpyta han bort. Men Dido innser snart at fyrste altemativet er vonlaust, og vel hemnen.
Noko tilsvarande hjá Pöschl (1977:117).