Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 103
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
101
vert likevel gudanes vilje stdtt realisert pá det menneskelege plan. Kraggerud
(1989:106-107, jfr. BUchner 1976:276) seier:
Men som vi har berprt ved Dido-handlingen i bind III (s. 103 f.) er
menneskehandlingen det primære for Vergil. Det skjedde ingenting
under Karthago-oppholdet som ikke kunne forstás pá rent menneske-
lige premisser ut fra de handlendes karakter og motiver.
Dette er ein framstellingsmáte som vi og finn att i den meir avanserte
sagalitteraturen. I kongesoger og islendingsoger er det det normale at
hendingane utviklar seg utan direkte inngriping frá heidne gudemakter eller
kristenguden. Denne regelen er rett nok ikkje unnatakslaus. Frernre delen av
Ynglinga saga skil seg ut frá dei vanlege kongesogene ved frásegn om at
Óðinn og andre æser slo seg ned i Svíþjóð, og i kap. 25 les vi at Óðinn gjorde
avtale med kong Aun om bloting av kongens spner. I Heimskringla, Óláfs
saga Tryggvasonar (kap. 42), er referert ei segn om at jarlen Hákon Sig-
urðarson blota sonen sin, Erlingr, for á fá siger i Jómsvíking-slaget, og at den
haglskura som hjelpte jarlen til siger, sette inn etter blotinga. Men slikt er
unnatak. At helgenar i kristen tid, særleg Olav den heilage, kan gripa inn i
hendingane gjennom draumar, syner og hjelp, er derimot velkjent.
4.6 Samanknyting av innhaldet
I store episke verk som Iliaden, Odysséen, Argonautica og Æneiden er ei av
diktarens viktigaste oppgáver á fá dei mange innhaldsdelane til á hanga
saman. Til grunn for alle desse verka ligg fprestellinga om ei kontinuerleg
tidsframskriding. Men i motsetnad til vanlege annalars primitive opprading
av hendingane i tidsrekkjefylgje prpver epos-diktarane á gjeva verket sitt ein
sterkare indre einskap ved á setja skilde delar av verket i logisk og psyko-
logisk relasjon til kvarandre. Velkjende middel til á fá fram slik samanheng er
draumar,29 spádomar og varsel, som gjer lesaren (áhpyraren) spana pá kva
som kjem til á henda etterpá.
Varselet er gjeme eit eller anna páfallande naturfenomen. I Iliaden og
Odysséen er torever det mest vanlege uttrykket for gudanes velvilje eller
misnpye. Vergil utmerkjer seg ved at han nyttar slike varsel særskilt ofte og
med særskilt stor variasjon (12 svaner, ein eldsloge, eit stjemerap, vin vert til
29 Heinze (1903:306): „Die Traumerscheinungen der Aeneis sind (abgesehen von Didos
Traumen IV 465 ff.) nicht natiirlichen Traumen, wie sie jeder erfahren kann, angeglichen,
sondem vielmehr erbetene oder doch erwiinschte Orakel."