Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 112
110
GRIPLA
aningar om framtidige hendingar, som vi i det antikke eposet fyrst og fremst
finn hjá Vergil, kjenner vi altsá att i aningane i sagalitteraturen. Her ligg det
nær á rekna med ein historisk samanheng. Idéen til á skapa spaning og
samanheng i sagaverket ved hjelp av aningar kan sogeforfattarane ha fátt ved
lesing af Vergil.
Den tilstundande lagnaden kan hjá Vergil verta endá sterkare innprenta ved
oppattak av uttrykk som minner lesaren om at noko spesielt er i vente. Sáleis
dá Æneas i bok II fortel om den trehesten som trojanane var uforstandige nok
til á sleppa inn i byen. I samband med detta gjev Æneas gong etter gong
uttrykk for at byen Troja var dpmd til undergang. 111:227 kallar han hesten
fatalis machina, i 11:245 infelix monstrum. Og uhyggeverknaden vert auka
endá meir ved at hesten stansar i porten og det kjem klang av vápen ut or
buken hans fire gonger (Duckworth 1933:60-63).
Denne teknikken med oppattak av dárlege aningar fpre ein katastrofe har
vi oftare dpme pá i sagalitteraturen. I Gísla saga (1943:40-41) vert sáleis
Vésteinn átvara tre gonger: „Ok vertu varr um þik.“ Og dei draumkonene
som Gísli Súrsson ser gong etter gong i den siste levetida si, gjev stendig
meir pátrengjande aning om korleis han skal dpy (Gísla saga 1943:70-109).
Einar Ól. Sveinsson har (1943:43) peika pá korleis oppatteken omtale av
Hallgerðs hár i Njála og av slag som ho fekk av ektemennene sine, gjer desse
vonde varsla stendig meir inntrengjande: „Er það eins og bergmál berist frá
einu til annars, hvert fær banvænt innihald af öðru.“
4.8 Retardasjon
Bruket av aningar tener til á skapa spaning. Eit anna middel hjá Vergil til á
skapa spaning er retardasjon, innskot av stoff som hefter hovudhandlinga
framfpre dramatiske toppar (Duckworth 1933:66, 70, Heinze 1903:117-119,
317-319). Æneiden bok VI fortel om ferda til Æneas gjennom underverda.
Málet for ferda er den uglpymande samtalen mellom Æneas og far hans,
Anchises, som forkynner ein mektig profeti om Roms framtidige stordom.
Men fpr Æneas kjem sá langt, má han og lesaren gjennom ei rad heftande
hindringar, samtalar med Palinurus, Dido og Deiphobos og skildringa av
Tartaros (Duckworth 1933:92). Utmálinga av Didos sjelelege forvirring fpre
sjplvmordet er eit anna dpme. At Dido vil ta livet sitt dersom Æneas forlet
henne, er alt opplyst gong etter gong, som i (IV:450—451):
Tum vero infelix, fatis exterrita, Dido
mortem orat; taedet caeli convexa tueri.