Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 101
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
99
ríki sikrar herred0met sitt i England og byggjer opp ei knusande overmakt.
Alt dette renn sá til slutt saman i katastofen pá Stiklestad.
Her er tale om ei málmedviten planlegging av verket med lange perspektiv
som godt kan ha vori inspirert av verk som Æneiden.
4.3 Om kunstnarleg 0konomi
Dei krava til Aristoteles som er siterte her framanfor (s. 96), mátte fpra med
seg ein streng kunstnarleg pkonomi, som vi finn att hjá Vergil. Heinze (1903:
398) seier:
Virgil vermeidet alles, was zur kiinstlerischen Wirkung direkt nichts
beitragen und den Leser nichts Neues lehren, sondem nur der Voll-
stándigkeit wegen da sein wiirde.
Carol Clover har, som nemnt s. 97, haldi fram at dette strider mot ein
hovudtendens i mellomalderens litteratur. Men som eg har sagt i samanheng
med det, har vi i det minste ei islendingsoge der dette kravet til Aristoteles og
Vergil er konsekvent gjennomfprt: Bandamanna saga. Og jamvel i sogeverk
som Laxdœla og Njála har nyare gransking vist at den indre samanhengen er
stprre enn ein tidlegare rekna med (jfr. s. 97-98). Til og med ættelistene, t.d.
i Njála, som mange lesarar i nyare tid har tykt er forstyrrande og páklistra, var
truleg ikkje sá forstyrrande for mellomalderens publikum. Lolk kjende ofte
att dei opprekna personane frá andre samanhengar, slik at forteljingsinnhaldet
vart meir levande for dei.
Det har vori vanleg á tala om at sagastilen er knapp. Normalt er berre ting
som er viktige for handlingssamanhengen, medtekne. Og jamvel om sagafor-
fattarane sjeldan gjekk sá systematisk til verks som Vergil, kan f0red0met
hans ha vori med pá á læra dei á avgrensa seg.
4.4 Om lagnaden
Ei fprestelling som spelar ei stor rolle báde i den antikke epikken og i den
norrpne litteraturen, er trua pá ein uavvendeleg lagnad. Hjá Homer var moira
noko suverent og absolutt, som ikkje ein gong Zeus rádde med (Buchner
1976:289). I Æneiden er Fatum eller Fata „die bewegende Kraft des Ge-
dichts“, særskilt omtala pá viktige stader (Buchner 1976:272, 273, 286-289).
Men hjá Vergil er Fatum identisk med viljen til Juppiter (Biichner 1976:275,
jfr. og Oppermann 1976:174). Juppiters plan representerer eit moralsk krav
som menneska, fyrst og fremst Æneas, har skyldnad til á underordna seg.