Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 98
96
GRIPLA
med at dei hadde kjennskap til framand dikting av tilsvarande kvantitet og
kvalitet. Og her ligg det dá særskilt nær á tenkja pá Vergils houdverk, Æneiden.
Æneiden er, liksom dei store islendingsogene, særmerkt ved svært lang-
siktig og detaljert planlegging, eit umáteleg persongalleri, intens psykologisk
innleving i dei einskilde personrollene, objektivitet i personskildringane og
ein tragisk grunntone, der den uavvendelege lagnaden har det avgjerande ordet.
Mpnster for Vergil var Homer og eposet Argonautica av den hellenistiske
diktaren Apollonios frá Rhodos (3. h.á. f. Kr.). I alle desse antikke epos er
diktaren sjplv stendig nærverande i framstellinga. Lesaren fár frá fyrste stund
kunnskap om den endelege utgangen pá hendingane. Spaninga til lesaren
heng ikkje saman med at han, som i ein moderne roman, ikkje veit kva som
vert enden pá det heile, men med at han ikkje veit korleis det gjekk fpre seg.
I det fylgjande skal vi sjá pá nokre særdrag ved komposisjonen til Ænei-
den som har parallellar i sagalitteraturen.
4.2 Om einskap i diktarverket
I den vidgjetne avhandlinga si Om diktekunsten seier Aristoteles (sjá Ledsaak
1961:31):
Dei einskilde delane av det som skjer (i diktarverket), má hanga slik i
hop at dersom ein rikkar ein einskild del, eller tek han bort, sá kjem alt
i ulag og fell saman. For eit avsnitt som er slik at det ikkje har noko á
seia om det er med eller ikkje, er ikkje nokon del av heilskapen.
Denne regelen er utforma fyrst og fremst med tanke pá den gamle greske
tragedien. I eit epos kunne eit slikt krav om einskap ikkje gjennomfprast sá
strengt alt av den grunnen at eposet har eit mykje stprre omfang og er mykje
nieir samansett og variert i innhald. Men tankegangen til Aristoteles má ha
legi bak utforminga av Æneiden, for ogsá i den meiner granskarane á kunna
pávisa eit klárt strev etter indre einskap i diktarverket.23 Den kjende Vergil-
spesialisten Karl Biichner (1958:1455) seier:
Als wesentliche Handlung ist die Aeneis, in der ein jeder Zug Funk-
tion hat, nichts Úberfliissiges neben der Handlung eigenes Recht
beansprucht, eine neue Form des Epos, die es bis dahin nicht gab, das
dramatische Epos.24
23 Sáleis Heinze (1903:425): „Virgil hat die Regeln des Aristoteles zu befolgen gesucht.“
24 Ogsá sitert med tilslutning av Oppermann (1976:xi).