Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 93
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
91
til hestane gong pá gong med den kvinande svepa, prpvde seg stun-
dom med godsleg snakk og stundom med trugsmál. Endá ville dei
ikkje i veg til akaian’ pá valen eller til skutene heim ved det brusande
sund Hellespontos. Men som ein bauta-stein, som traust stend botna i
auren, oppá ein hpgbygd haug over gravlagd mann eller kvinne, sáleis
stod dei urikkande fast med den herlege vogna, báe med skallen mot
jord, og ned or kvarmane samrann tárene heite og dropla i mold; slik
syrgde dei husbond, tunge i hugen av lengt. Dei duvande mánene
deira floymde ved áket or gnagputa ned og strauk over molda.19
Kjærleik mellom ein hest og eigaren hans er og gripande skildra av
Vergil.
I Æneiden er ein av hovudmotstandarane til Æneas, Mezentius, hardt
sára og sonen hans, Lausus, drepen i slaget. Likevel bed Mezentius
folket sitt henta stridshesten hans, Rhaebus (X:858-866):
Haud dejectus, equum duci jubet: Hoc decus illi,
hoc solamen erat, bellis hoc victor abibat
omnibus. Alloquitur maerentem et talibus infit:
„Rhaebe, diu, res si qua diu mortalibus ulla est,
viximus: Aut hodie victor spolia illa cruenta
et caput Aeneae referes Lausique dolorum
ultor eris mecum, aut, aperit si nulla viam vis,
occumbes pariter, neque enim, fortissime, credo
jussa aliena pati et dominos dignabere Teucros."
Utan á missa modet bad han dei henta hesten, som var
hans pryd og trpyst, og som brukte á bera han sigrande
ut or alle slag. Han tala til den syrgjande hesten slik:
„Rhaebus, sá sant noko varer lenge for dei dpyelege,
sá har vi levd lenge saman. I dag skal du anten sigerrik
bera med deg det blodige hærfanget og hovudet
til Æneas og hemna smertene til Lausus i lag med meg,
eller, dersom kreftene ikkje gjev h0ve til det,
falla i lag med meg. For eg trur ikkje du med din styrke
vil lyda framandes bod eller tola trojanar som herrar."
Etterpá vert báde hesten og Mezentius sjplv drepne af Æneas.
Eit tilsvarande kjærleg tilhpve mellom ryttar og hest les vi om i Brot
af Sigurðarkviðu (str. 7), der Hpgni fortel Guðrún om Sigurðs dpd:
19 Om hesten til kong Alexander den store, Bukephalos, vert det fortalt at han gret over den
avlidne herren sin (Steller 1935:1606).