Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 102
100
GRIPLA
Karl Biichner (1976:290) meinte tilh0vet mellom Æneas og Fatum har ulik
karakter i dei to halvdelane af Æneiden, bok I-VI og bok VII-XII: „Im ersten
wird sich Áneas seines Fatum gewiB, im zweiten ftihrt er seine Bestimmung
im siegreichen Kampf zum Ziel.“
Ei slik presis og fin tolking av tilhpvet mellom Æneas og Fatum er det vel
lite truleg at vanlege lesarar av Vergil i mellomalderen var i stand til á fá auga
pá. Men nár Vergil gjer Fatum til uttrykk for Juppiters vilje, kunne utan tvil
kristne i mellomalderen sjá dette som ein parallell til si eiga tru pá lagnaden
som Guds vilje. Det kan og nemnast at i Lucans Pharsalia, som var mykje
lesen i mellomalderen, ogsá i Norden, er Fatum og viljen til gudane (superi)
eitt og det same (jfr. Burck 1976:265, merknad 71).27
I det norrpne spráket var elles fleire uttrykk for lagnaden nedarva frá
heiden tid: skgp, auðna,forlQg, 0rÍQg, og særleg i dikting ogsá mjQtuðr (Olav
B0 1970:575-577). I den litteraturen som skildrar hendingar i heiden tid,
kjem lagnadstrua ofte fram. Og jamvel om den norrpne lagnadstrua utan tvil
er noko sjolvstendig og eldre enn kjennskapet til Vergil, kan framhevjinga av
lagnaden i Æneiden ha vori med pá á styrkja det bruket av lagnadsomgrepet
som vi mpter sá ofte i norr0n litteratur.28
Lagnadstrua er ein viktig bakgrunn for ei mengd stilistiske kunstgrep i
litteraturen, báde i den antikke og den norrpne, kunstgrep som tener til á gjeva
lesaren eller aktprane i litteraturverket fprehands opplysning om hendingar i
framtida. Ikkje minst hjá Vergil finn ein eit medviti strev etter á fá fram indre
samanheng og spaning gjennom systematisk bruk av meir eller mindre kláre
opplysningar om framtida.
4.5 Inngrep fra gudemakter
Hjá Homer er som nemnt lagnaden, moira, noko suverent, noko som jamvel
gudane er underlagde. Vitnemál om tilsvarande fprestellingar om lagnaden
finn ein og dpme pá i norrpn overlevering (Olav B0 1970:575-577). Men
som vi har sett, er lagnaden hjá Vergil uttrykk for gudanes vilje. Hjá Vergil
27 Lucan vert flittig sitert av den norske forfattaren Theodoricus Monachus (1180-ára). Lucan
erogsá nemnd bland forfattarane til bdkene i Uppsala-kanniken Hemmings testamente av 1299
(Carlsson 1956:522).
28 Baetke (1973:345): „Die Sagas können höchstens einen Schicksalsglauben fiir das 12. und
13. Jahrhundert bezeugen", og vidare: „bleibt zu untersuchen, wie weit es sich nicht einfach um
den christlichen Vorsehungs- oder Pradestinationsglauben handelt ... Aber vor allem muB man
sehen, daB der Schicksalsglaube in den Sagas ein literarisches Motiv ist, das kiinstlerischen
Zwecken dient, ebenso wie die vielen Traume und Prophezeiungen zukunftskundiger Leute."