Gripla - 01.01.1998, Blaðsíða 109
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
107
Ein spesialitet for Vergil er det at ikkje berre diktaren, men og aktflrane
sj0lve i eposet kan gjeva uttrykk for aningar med sine eigne ord (Duckworth
1933:89). Dette tener til á auka spaninga hjá lesaren endá meir enn hjá
Homer, der personane er „blinde" for framtida. Sáleis gjev Nisus i bok IX
210-211 uttrykk for at han kan koma til á falla, slik han og gjer seinare
(IX:465—467). IIX 289 gjev Euryalus, venen til Nisus, ord for otte for at mor
hans skal koma til á gráta dersom han fell. Og rutularkongen Tumus, som
lenge (i bok IX-XI) var ved godt mod, vedgár etter Camillas dpd (i IX) at
ogsá han kan koma til á verta drepen (XII: 14-17, 50-51,72-74). Duckworth
(1933:90-91, jfr. og 19, 89) seier: „Vergil is skilful in building up an atmo-
sphere of oncoming tragedy through the words of the characters involved“.
Sagalitteraturen har det sams med Æneiden at aningar spelar ei stor rolle.
Mellom aningar og spádomar i sogene er sjplvsagt grensa uklár. Men ein
kan seia det slik at spádomar plar fortelja om noko som skal henda i framtida
pointert, detaljert og konkret, og er gjerne frambome av personar med klárt
uvanlege givnader (profetar, helgenar, ,,sjáarar“). Aningar er derimot noko
som plar verta uttala av „normale“ menneske i samtalar, og dei har, som pá-
peika av Duckworth (1933:6, jfr. og 26), eit meir upresist eller diffust inn-
hald. I sogene er det likevel stptt kloke personar som har „aningar“, og anin-
gane gár alltid i oppfylling.
Nokre dpme pá aningar:
Heimskringla. I Óláfs saga Tryggvasonar (kap. 43) frir kong Haraldr
grenski til dronning Signðr Tostadóttir. Haraldr seier om den kona han alt har,
dronning Ásta, at ho er av lágare ætt enn han. Men Sigríðr svarar (Heims-
kringla I 1941:288): „Vera kann þat, at þú sér ættstœrri en hon. Hitt mynda ek
ætla, at með henni myndi vera nú beggja ykkur hamingja." — Dronning
Sigríðs ord siktar til det at dronning Ásta no gjekk med eit bam, som seinare
skulle verta kong Olav den heilage.
Egils saga. Þórólfr, den eine av dei to spnene til den norske stormannen
Kveld-Úlfr, sppr far sin om korleis faren hadde svara pá kong Haralds tilbod
om á verta kongens lendmann. Kveld-Úlfr svarar (Egils saga 1933:14):
Ek sagða svá, sem mér var í hug, at ek mynda aldri ganga á hpnd
Haraldi konungi, ok svá myndi þit gera báðir, ef ek skylda ráða; ætla
ek, at þær lykðir muni á verða, at vér munim aldrtila hljóta af þeim
konungi.
Þórólfr nektar á lyda farens rád. Han vert kongens lendmann. Men etter kvart
som soga skrid fram, kjem det nye negative signal: Kong Haraldr vert raud og