Gripla - 01.01.1998, Side 78
76
GRIPLA
Er [d.e. der EinfluB Vergils] wirkt sich aber nicht nur auf die latein-
ische Literatur aus, sondem erstreckt sich auch auf das Entstehen der
nationalen Literaturen.
Og det vert framhaldi at Vergil hadde innverknad pá Beowulf, pá dei franske
Chansons de geste, franske riddarromanar og Nibelungenlied (Biichner
1958:1481, Heusler 1915:494-495).4 Etter kvart vart det og laga avstytte
omarbeidingar av Æneiden pá folkemál, til fransk ein Roman d’Enéas frá
midten av 1100-ára og til tysk Heinrich von Veldekes Eneit kring 1175. Báde
i den franske omarbeidinga av Æneiden frá 1100-ára og i Veldekes tyske er
kjærleiken mellom Æneas og Dido og seinare mellom Æneas og Lavinia
gjord til hovudsak (Andersson 1987:46-50).
Den kjende danske litteraturgranskaren Vilhelm Andersen gav kring
midten av dette hundreáret ut eit veldig verk om Horats, der fjerde bandet
handlar om páverknaden frá Horats pá norrpn litteratur (1951:264—331). Men
i mellomalderen ruvde Horats pá ingen máte slik som Vergil. Ikkje for ingen
ting er det Vergil som er diktarens vegvisar gjennom underverda i Dantes
storfelte Divina Commedia.
Vergil-tekster har vori sentrale i skuleopplæringa ogsá i Norden. Sitat som
má skriva seg frá direkte bruk av Vergil, finn ein báde hjá dansken Saxo og
hjá svenske mellomalderforfattarar (Friis-Jensen 1975:655-657). Uppsala-
kanniken Hemmings testamente frá 1299 reknar opp ei rad med bpker, m.a.
av Vergil og Lucan (Carlsson 1956:522).5
Den norske forfattaren Theodoricus Monachus siterer 3 hexameter-vers
etter „Virgilius“. Men desse sitata er i rpynda henta frá Proba Faltonias (ca.
350 e.Kr.) Virgiliocentones (Storm 1880:ix; Curtius 1948:456; Wissowa
1894:2203, nr. 38, EnBlin 1957:33-34). I Passio Olavi, som Eiliv Skard
meinte er forfatta av Eysteinn Erlendsson, erkebiskop i Nidaros 1157-1188,
finst mange stilistiske vendingar som minner om Æneiden (Skard 1932:
74-77, Paasche 1934:131). Eit par vers frá Vergils Bucolica el. Eclogae
(111:90-91) er siterte i Historia de profectione Danorum in Hierosolymam, og
fragment av Ecloga X:69 (Omnia vincit Amor etc.) finst i norske runeinn-
skrifer frá 1200-ára: Fortun, nr. 303, Bugárd-kaien, nr. 605 (Scriptores II
4 Theodore M. Andersson (1976:145-159) argumenterer og sterkt for det synet at Beowulf er
páverka av Vergil. Derimot Nitchie 1919:29.
5 Meir om latinlærdom og Vergil i Norden finn ein no i Enciclopedia Virgiliana: Om Dan-
mark og Noreg av Jansen (1984:979-983), Island av Sigurður Pétursson (1987:28-29), Sverige
avVidén (1988:1093-1098).