Gripla - 01.01.1998, Qupperneq 85
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
83
kj0tet av offerdyra, kjelane t0mde for olje. Dá oska hadde falli saman og
logen lagt seg, skvette dei pá restane vin, som oska saug i seg. Corynaeus
plukka ut beina og la dei i ei koparurne. Deretter bar han tre gonger reint vatn
kringom lyden og skvette pá dei ein lett dusj med ei grein av det saftige
oljetreet. Slik reinsa han folket og sa farvel. Men den fromme Æneas tok ein
veldig stein og la oppá haugen til Misenus saman med vápna, ára og luren
hans.
3 Germanske parallellar til Dido
Dei dramatiske og tragiske hendingane som knyter seg til Dido og Æneas i
Æneiden, har interessante parallellar i germansk overlevering, pá den eine
sida Nibelungenlied (frá kring 1200) og Þiðreks saga (vel frá midten av 1200-
ára), som stár Nibelungenlied nær, pá den andre sida heltediktinga i Den eldre
Edda, Snorra-Edda og Vplsunga saga (den siste vel frá midten av 1200-ára),
dessutan i somme islendingsoger.
I den germanske tradisjonen er det tale om tre mannlege hovudheltar og to
kvinnelege: Siegfried/Sigurðr, Gunther/Gunnarr, Hagen/Hpgni, og Kriemhild
(Þiðreks saga: Grímhildr)/Guðrún, Briinhild/Brynhildr.13
Nibelungenlied og Þiðreks saga har desse parallellane med Æneiden:
1) Ein stor helt (Siegfried/Sigurðr) vinn kjærleiken til ei fager og stolt
dronning (Briinhild/Brynhildr).
2) Helten svik kjærleiken til dronninga.
3) Dronninga hemner seg pá helten.
Desse parallellane mellom Æneiden og Nibelungenlied/Þiðreks saga er sá
allmenne at det til denne tid har vori lagt lite vekt pá dei, eller som Heusler
(1922:318, 1973:154) seier:
Wir können in der Entwicklung des Nibelungenstoffs keinen Punkt
13 Brynhildr er kjend ffá nordisk litteratur, eddadikta, Snorra-Edda, Vglsunga saga og Þiðreks
saga, og frá danske, norske og færpyske folkeviser. Eit vitnemál om at Brynhildr har etterlati
spor ogsá i ikkje-litterær norsk overlevering frá seinmellomalderen, gjev eit utskori bilete pá ein
stol frá Heddal stavkyrkje i Telemark. Pá biletet stár Brynhildr midt i „vaverlogen" med Gunnarr
pá eine sida og Sigurðr pá den andre sida, báe til hest. Sigurðr retter fram ringen Andvaranautr
mot Brynhildr (jfr. Fett 1907 fig. nr. 61, Universitetets Oldsaksamling 1972-1973:34-35). —
Guðrún er kjend ikkje berre frá eddatradisjonen, men og frá islandsk folketradisjon: Bárðar saga
Snæfellsáss kap. 7 (1991:123), ei strofe i Gísla saga kap. 19 (1943:62) og Sturlunga saga kap.
190 (1946:519-522), dessutan frá danske, norske („Guro rysserova") og færpyske folkeviser.