Gripla - 01.01.1998, Page 86
84
GRIPLA
gewahren, wo das Virgilische Epos oder sonstige Lateinpoesie be-
fruchtend eingewirkt hatte.14
Men ein kan merkja seg at alle desse parallellane mellom Æneiden og
Nibelungenlied/Þiðreks saga gár att i eddatradisjonen.
I eddatradisjonen og Vglsunga saga er likvel parallellane med Æneiden
mykje meir detaljerte enn i Nibelungenlied/Þiðreks saga. Dei fleste paralel-
lane i eddatradisjonen knyter seg til Brynhildr Buðladóttir, men somme til
Guðrún Gjúkadóttir. Rollene til desse to heltinnene er i eddakveda til dels sá
like at dei kan fá knytt til seg detaljar av same slag. I denne samanhengen kan
nemnast at Theodore M. Andersson har peika pá (1980:222-223, jfr. og 1981:
22) at drag frá Briinhild ser ut til á ha vorti overfprte til Kriemhild ogsá i
Nibelungenlied.
Ettersom Æneiden var sá velkjend i mellomalderen, ligg det nær á rekna
med at innverknad frá den har vori ein viktig bakgrunn for eit sentralt motiv
i den norrpne litteraturen: Den fornemme fagre kvinna som mislukkast i sin
kjœrleik.
Motivet finst i to hovudvariantar:
A Kvinna vert sviken av den ho elskar og hemner seg pá han.
B Kvinna vert sviken av lagnaden, men trassar lagnaden og held fast pá
kjærleiken sin.
Hovudvarianten A finn vi klárt att i tre eddakvede: Brot af Sigurðarkviðu,
Guðrúnarkviða in fyrsta og Sigurðarkviða in skamma. Den vonsvikne kvinna
er Brynhildr Buðladóttir, og den sviksame elskaren Sigurðr Fáfnisbani.
Sigurðr er gift med Guðrún Gjúkadóttir. Bror hennar, kong Gunnarr Gjúka-
son, fár gjennom Sigurðs hjelp og narring Brynhildr Buðladóttir til dronning.
Dá Brynhildr fár greie pá den rpynlege samanhengen med ekteskapet hennar,
hemner ho seg pá den máten at ho fár Gunnarr og dei to brprne hans til á taka
livet av Sigurðr.15 Slik er hendingane og framstelte i Snorra-Edda (Edda
1931:130).16
14 Hans Kuhn (1948-1950:191, 1971:80) ville rekna sj0lvmordet til Brynhildr for noko som
var innkomi i overleveringa sekundært: „Den Selbstmord Briinhilds meldet kein deutsches
Denkmal und auch das alteste nordische, das Brot af Sigurðarkviðu, nicht.“
15 Pá same vis fár Briinhild i Nibelungenlied mannen sin, Gunther, til á taka livet av Sieg-
fried, i samarbeid med den vonde Hagen.
16 I eddadiktet Grípisspá (str. 33) og i Vplsunga saga (1906-1908:65) er Sigurðr derimot
„uskuldig" i sviket, med di han er villfprt av dronning Grímhilds list.