Gripla - 01.01.1998, Síða 88
86
GRIPLA
hennar har mislukkast.17 Brynhildr nyttar derimot d0den til á triumfera over
lagnaden, til ein triumf báde for seg sj0lv og for Sigurðr, som ho framleis
elskar. Deira ungdoms store lukkestund skal opplevast pá nytt i Brynhilds
dpdsferd.18
I tillegg til hovudlikskapen mellom Æneiden og eddaoverleveringa, Didos
og Brynhilds hemn over sviken kjærleik og friviljuge d0d pá bálet saman
med biletet eller liket av den sviksame elskaren, kan og spesielle detaljar
framhevjast som styrkjer overtydinga om samband mellom Æneiden og edda-
kveda.
1) For det fyrste kan ein nemna den ruvande plassen som eit sverd har i
báe overleveringane, eit sverd som vert lagt pá bálet. I Æneiden bru-
kar Dido den sviksame elskarens etterlatne sverd til á taka livet sitt
med. I Sigurðar kviða skamma tek derimot Brynhildr livet sitt med eit
sverd som vel er hennar eige. Det ser ut til at diktaren her har rekna
med at Brynhildr har vori kledd som ei valkyrje, liksom Brynhildr i
Helreið Brynhildar og Sigrdrífa i Sigrdrífumál, jfir. og Grípisspá str.
15, Vglsunga saga (1906-1908:68) og Snorra-Edda (1931:130), — alt-
sá med brynje, hjelm og sverd. Ho lyt difor i Sigurðar kviða skamma
smyga seg ut or brynja f0r ho kan setja sverdet i seg (str. 47):
gullbrynju smó
— vara gott í hug —
áðr sik miðlaði
mækis eggjum.
Men i slutten av den lange monologen som fylgjer i Sigurðar kviða
17 Pöschl (1977:47—48) gjev ein inngáande analyse av konflikten mellom Æneas og Dido:
„Von seiner Schuld und seiner Liebe spricht Áneas bei Virgil nicht. Dabei wollte der Dichter
sicherlich zeigen, daíi er seine Gefiihle ganz bewuBt zuriickdrángt, um nicht von ihnen iiber-
waltigt zu werden. Aber die Kluft, die sich zwischen Áneas und Dido hier auftut, ist nicht nur
dadurch veranlaBt; er hat wirklich die Liebe Didos nicht ganz begriffen. ... Áneas hat nicht
begriffen, daB Dido nicht mehr Königin, sondem nur noch liebende Frau ist und daB sein
Hinweis auf ihre Bindung an Karthago ungehört verhallen muB. Er kann zu seiner politischen
Aufgabe zuriickkehren, sie aber nicht, weil sie in der Liebe ihr wahres Selbst gefunden hat. ...
Dido kann auf die Rede des Áneas, wie sie es dann tun wird, nur mit Verachtung und HaB
reagieren. Ihre maBlose Liebe verwandelt sich in maBlosen HaB nach einem jener merkwiirdigen
Gesetze, die die menschliche Psyche bestimmen."
181 prosainnleiinga til eddadiktet Helreið Brynhildar er det sagt at Sigurðr og Brynhildr vart
brende pá kvar sitt bál. Men i Helreið, str. 14, reknar Brynhildr med at ho og Sigurðr skal leva
saman i Helheimen. Brynhilds dpd er og omtala i Oddrúnargrátr, str. 19.