Gripla - 01.01.1998, Page 92
90
GRIPLA
gnnur (str. 14-16 og 25-26). Medan den sorgfulle Guðrún er hjá Þóra
Hákonardóttir i Danmark, freistar Þóra á kvikka henne opp med flott
handarbeid (str. 14);
Hon mér at gamni
gullbókaði
sali suðrœna
ok svani danska.
Og seinare freista Grímhildr, mor til Guðrún, á lokka Guðrún til á lata
seg gifta med Atli. Mellom dei ting ho vil gjeva Guðrún for á fá dette
i stand er (str. 26):
Húnskar meyjar,
þær er hlaða spjgldum
ok gpra gull fagrt,
svá at þér gaman þykki.
7) Ein sjuande detalj har vi i Atlakviða str. 35-37 og Atlamál str. 77-85,
der Guðrún Gjúkadóttir hemner seg pá mannen sin kong Atli ved at ho
skjer hovuda av dei to spnene deira og let Atli, utan at han veit det, eta
kjótet av smágutane til festmat. Dette minner sterkt om dei greske
segnene om kongane Thyestes og Terevs (jfr. s. 80 og merknad 10). I
mellomalderen vart segnene om Thyestes og Terevs særleg kjende
gjennom bpkene til Ovid. Men ein kan ikkje sjá bort ifrá at desse
stadene i Atlakviða og Atlamál og kan vera páverka av den staden i
Æneiden, der Dido fantaserer om á drepa sonen til Æneas, Ascanius,
og setja han fram for far hans som festmat.
8) Ein áttande detalj, som vel og er av interesse her, er at vi báde i
Æneiden og eddadiktinga om Sigurðr finn uttrykk for kjœrleik mellom
ein helt og hesten hans. Dette er ein tanke som har sitt opphav i
Iliaden. I Iliaden (16:130-154) les vi at Akilles láner bort rustninga si
og stridsvogna med hestane Xantos og Balios til venen sin Patroklos,
som skal berga skipa til akaiane. Men i kampen etteipá vert Patroklos
drepen av Hektor. I Iliaden (17:426—440) les vi sá om korleis hestane
reagerte dá Patroklos var fallen. Staden lyder slik i Vandviks om-
setjing (1951:317-318):
Gangar-paret át Pelev’s son stod utanfor trengsla, og dá dei frette om
husbond sin at tynaren Hektor stpytte i dumba han ned, dá tok dei med
same til gráten. Fáfengt tok seg pá tak Avtómedon, son át Diores, slo