Gripla - 01.01.1998, Side 96
94
GRIPLA
like til hennar h0ge alderdom. Fyrst dá kjæraste sonen hennar, Bolli, gár inn
pá henne inntrengjande i ein lpynleg samtale, lettar ho sá vidt pá loket: „Þeim
var ek verst, er ek unna mest“ (Laxdœla saga 1934:228).
Hovudvarianten B av Dido-motivet (jfr. framanfor s. 84) er klárast repre-
sentert av Helga in fagra i Gunnlaugs saga. Elskaren Gunnlaugr hadde aldri
sviki Helga. Men ein vond lagnad, i form av Hrafn Qnundarsons fiendskap
mot Gunnlaugr og inngrep frá heidne makter, valdar at dei to elskande aldri
fár kvarandre. Helga fár ingen grunn til á hata Gunnlaugr. Og nár ho mot sin
vilje vert gift med Hrafn, hemner ho seg ved á lata motviljen sin gá ut over
han. Samstundes tek ho imot ei kjærleiksgáve frá Gunnlaugr, kappa Gunn-
laugsnautr. Etter at báde Gunnlaugr og Hrafn er dpde, vert Helga gift pá nytt,
og dá med ein mann som steller vel med henne. Men „þat var helzt gaman
Helgu, at hon rekði skikkjuna Gunnlaugsnaut ok horfði þar á lpngum". Og dá
ho skal dpy, sender ho bod etter kappa (Gunnlaugs saga 1938:106-107):
Ok er skikkjan kom til hennar, þá settisk hon upp ok rakði skikkjuna
fyrir sér ok horfði á um stund. Ok síðan hné hon aptr í fang bónda
sínum ok var þá prend.
Denne forteljinga tykkjest vera ein særskilt tydeleg atterklang av átferda til
Dido i Æneiden (IV:648-649), dá ho i dpdsstunda stirde med táreváte augo
pá ekteseng og klede som ho hadde hatt glede av i lag med Æneas.
4 Æneiden og sagakunsten
4.1 Innleiing
I fpredraget Aristoteles og Snorre (1986a) har eg tidlegare pávist at ei rekkje
av dei krav til det klassiske dramaet som Aristoteles formulerte i sin Poetikk,
meir eller mindre er oppfylte ogsá i sagalitteraturen. Ja, til og med det aris-
toteliske kravet om einskap i diktarverket, eit krav som mellomalderforfat-
tarane ofte la lite vekt pá, er overraskande godt gjennomfprt i somme soge-
verk.
Dá Aristoteles formulerte Poetikk-reglane sine, hadde han fyrst og fremst
det klassiske dramaet i tankane. Men ei rad av krava hans h0ver og med
praksis i det antikke eposet. Det fár vi særskilt godt illustrert nettopp hjá ein
epikar som Vergil (jfr. merknad 2, jfr. og Clover 1982:14, 41). I det veldige
hovudverket hans, Æneiden, er den indre ársakssamanhengen mellom
hendingane openberr for alle. Her er gripande innleving i einskilde heltars og
heltinners sjeleliv, konsekvens i karakterteikninga, ein h0g grad av objek-