Gripla - 01.01.1998, Síða 97
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
95
tivitet i personskildringane, idealisering, spmd og lagnadsbunden tragikk. Og
heile verket er bori av ein mektig hovudidé: Framstelling av korleis det
augusteiske Roms makt og herlegdom voks fram.
F0redraget mitt om Aristoteles og Snorre endar med eit spprsmál: Er
likskapane mellom antikkens krav til diktarverket og dei tilsvar vi finn i soge-
prosaen, resultat av páverknad frá antikkens læremeistrar og diktarar, eller er
det her tale om uavhengige parallellar?
Spprsmálet femner sá vidt at det kunne vera emne for heile bpker. I denne
artikkelen skal eg n0ya meg med á peika pá somme moment som gjer det
truleg at nettopp Vergil har vori ein av hovudformidlarane.
Den bráe oppblpminga av ein omfangsrik profan sagalitteratur pá Island i
1200-ára kan taka seg ut som ei gáte dersom ein, som forskarane i eldre tid,
til og med „den islandske skulen“, einsidig vil sjá det heile som resultat av ein
framvokster pá islandsk, nordisk og germansk grunn. Særleg vanskeleg vert
dette med tanke pá gigantiske episke prestasjonar som Heimskringla, Egla,
Laxdœla og Njála. Det imponerande persongalleriet i desse verka kan rett
nok noko pá veg forklárast ut frá heimlege kjelder som Landnámabók, ætte-
tavler, munnleg tradisjon og annalar. (Annalskriving har truleg vori noko av
bakgrunnen for den gjennomfprt kronologiske framskridinga til handlinga i
sagatekstene. Men annalskrivinga er i sitt opphav eit lærd og importert feno-
men.)
Viktige drag i komposisjonsteknikken til sogene har utan tvil hatt bak-
grunn i munnleg forteljetradisjon, slikt som bruket av draumar, spádomar og
forbanningar, eller „episke lover“ som „tretals-lova“, „bakvekts-lova“ og „den
sceniske totals-lova“.
Men ei rad sentrale drag ved komposisjonen til desse sagaverka er fra-
mande for vanleg folkeleg forteljing i Norden (segner og eventyr). Eg
tenkjer her ikkje berre pá det veldige omfanget til desse store sagaverka, men
endá meir pá den raffinerte komposisjonsteknikken og dei rikt fasetterte
personskildringane. Nyare tids systematiske analyse av den litterære struk-
turen til desse sagaverka har gjort det klárt kor n0ye gjennomtenkt den planen
har vori som desse store sagaverka vart bygde over. Det same gjeld elles og
om fleire mindre sagaverk.22
Det tykkjest mykje lettare á skjpna korleis islandske sagaforfattarar kunne
fá idéen til á skapa diktverk som Egla, Laxdœla og Njála dersom vi reknar
22 Som d0me pá nyare analysar av strukturen til sagaverk kan nemnast Lie (1937), Einar Ól.
Sveinsson (1943), Sven B. F. Jansson (1945), Maxwell (1957-1961), Magerpy (1957 og 1977),
Andersson (1967), Madelung (1972), Lönnroth (1976) og Clover (1982).