Gripla - 01.01.1998, Side 100
98
GRIPLA
I f0redraget Aristoteles og Snorre (1986a) har eg likevel freista á visa at ei
islendingsoge, Bandamanna saga, langt pá veg svarar til dei aristoteliske krav
(Magerpy 1986a:60, 1986b: 176, 1991:208). Nárdet gjeldNjáls saga, vardet
lenge granskarane si meining at den er samansett av fleire opphavleg sjplv-
stendige delar. Og jamvel Einar 01. Sveinsson, som gjorde sá mykje til á pá-
visa einskapen i denne soga, rekna med (1954:xliii—lx) at t.d. Kristni þáttr og
Brjáns þáttr er utdrag or eldre skrifter. Ian Maxwell, som pá fleire mátar
fpregreip Carol Clovers synsmátar (jfr. merknad 25), greidde likevel á visa at
desse avsnitta i Njáls saga (Kristni þáttr, Brjáns þáttr) liöver godt saman med
hovudmpnsteret i soga, striden mellom godt og vondt, som held fram som ein
strid mellom kristendom og heidendom. Det er difor liten grunn til á tru at
desse delane av Njáls saga ikkje har hpyrt til soga frá opphavet, og at dei
ikkje var del av sogeforfattarens eige konsept (1957-1961:37, 42-45).
Jamvel om Njáls saga pá mange vis ikkje svarar til the Aristotelian
concept of unity har sáleis nyare gransking vist at ogsá Njáls saga er kom-
ponert som ein mektig heilskap, der ein sentral grunntanke gjennomsyrer
verket frá fyrst til sist.
Verk av endá meir imponerande dimensjonar er Snorri Sturlusons Olafs
saga ins helga og Heimskringla. Ettersom desse verka ikkje er rein dikting,
men laut hanskast med historisk overlevering og historiske realitetar, kunne
dei sjplvsagt ikkje konstruerast med eit slikt krav til indre samanheng og
einskap som vi finn i Æneiden.26 Men ogsá her finn vi eit tydeleg og medviti
strev etter á skapa heilskap i mangfaldet. Etter kvart som handlinga skrid
fram, viser det seg at opplysningar og smáavsnitt som i fyrste omgang
tykkjest isolerte og tilfellelege, fell inn i meir omfangsrike mpnster. Eit sen-
tralt dpme pá dette er Snorris framstelling av korleis Olav den heilages
kongsmakt bryt saman. Ei rad med hendingar som tok til á utvikla seg stilt og
fjemt pá kvar sin kant, likesom bekker og smáelvar i eit vassdrag, sameiner
seg etter kvart til ein stendig veksande flaum med uimotstáeleg kraft: Eit
hendingslaup tek til i det fjeme nord, med Ásbjgrn Selsbanis ulovlege
handelsferd til Erlingr Skjálgsson pá Sola, eit anna dá kong Olav tok frá
Hárekr pá Tj0tta i Nordland eit syslemannsombod, eit tredje dá kong Olav
tillet hirdmannen sin KálfrÁmason á gifta seg med enkja etter den heidensk
sinna tr0nderhovdingen Qlvir á Eggju, som kong Olav haddi lati drepa, eit
fjerde hendingslaup langt i s0r og vest, der danekongen Knútr Sveinsson inn
26 Maxwell (1957-1961:18): „The sagas were not free to follow a purely artistic line of
development. They were conceived as history, and their nature is govemed by this fact.“