Gripla - 01.01.1998, Page 105
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
103
ikkje berre frá antikkens heidne dikting, men endá meir frá kristen litteratur,
Bibelen og helgensogene.31
Ei særleg vekt vert det i det antikke eposet lagt pá orda til ein dpyande. I
Æneiden bok X er det sáleis fortalt om eit slag der helten Orodes fell. Men i
dpdsaugneblinken let han kameraten sin, Mezentius, vita at ogsá han skal
falla, slik det skjer seinare (Duckworth 1933:19, 89). Og Didos profetiske
forbanning av Æneas, trojanane og romarfolket i bok IV skjer nett fpr ho tek
livet sitt.
Denne trua pá at ein dpyande persons siste ord har ei særleg profetisk vekt,
finn vi og att i norrpn litteratur. Jfr. t.d. den dpyande Þorsteinn Eirikssons
spádom i Grœnlendinga saga kap. 6, eller den dpyande Fáfnis siste ord i
Vglsunga saga (Grœnlendinga saga 1935:259-260, Vglsunga saga 1906-
1908:44).
Ei onnor form for fprevarsel til lesaren i sagalitteraturen har Andersson
(1967:60) gjort merksam pá. Ein sagahelt og stridsbunaden hans vert ofte
skildra i samband med den kampen der helten misser livet. Andersson kallar
dette necrology. Oftare er det slik at denne skildringa vert gjeven i teksta fpre
omtalen av sjplve kampen. Skildringa har dá funksjon av eit varsel.
Eit kjent dpme er skildringa i Heimskringla av kong Olav Tryggvason f0re
slaget ved Svolder (sjá Heimskringla I 1941:357):
Óláfr konungr stóð í lyptingu á Orminum. Bar hann hátt mjgk. Hann
hafði gylltan skjgld ok gullroðinn hjálm. Hann var auðkenndr frá
(jðrum mQnnum. Hann hafði rauðan kyrtil stuttan útan um brynju.
Eit anna d0me er Gísli Súrsson i Gísla saga (1943:112):
Gísli var svá búinn, at hann hafði í hendi 0xi ok gyrðr sverði ok skj<jld
á hlið; hann var í kufli grám ok hafði gyrt at sér með reipi.
Liknande skildringar finst alt hjá Homer, som i Iliaden (16:130-144), der
Patroklos tek pá seg rustninga til Akilles fpre den kampen der han kjem til á
falla. I Vandviks omsetjing (1951:286):
Sá han [d.e. Akilles] tala. Dá væpna seg hin [Patroklos] med blenk-
jande kopar.
31 Jfr. Boberg 1966:194—196. Baetke (1973:346): „Sofus Larsen hat gezeigt daB die Traume
in den Sagas ebenso wie die Visionen und Prophezeiungen ihren Ursprung in den erbaulichen
Schriften, Heiligenviten und Legenden haben.“