Gripla - 01.01.1998, Page 106
104
GRIPLA
Spenger av glitrande malm han fyrst kring fptene lagde,
hekta dei saman med spenne av sylv over smalaste leggen.
Og over bringa han drog den snpgge Akilles si brynje;
vent var ho smidd og blenke sá bjart som ei tirande stjeme.
Spente sá fast over herd slagsverdet med sylvnagla handfang,
og over armen han tok den digre og herdige skjolden.
Dinest drog han pá hovudet ned den velsmidde hjelmen,
prydd med ein dusk som var gjord av harg, og som ageleg duva.
Fann seg til sist to duglege spjut som hpvde át handa.
Spjutet át Pelevs’ modige son let han vera á taka,
tungt som det var og digert og sterkt.
Eit særskilt nærliggjande mpnster for skildringar av denne typen i saga-
litteraturen finn ein i Æneiden bok XII. Tvikampen mellom Turnus og Æneas
er den mest dramatiske hendinga i heile eposet. Utstyret til den dpdsvigde
Turnus er her skildra pá denne máten (XII:87-94):
Ipse dehinc auro squalentem alboque orichalco
circumdat loricam umeris; simul aptat habendo
ensemque clipeumque et rubrae cornua cristae,
ensem, quem Dauno ignipotens deus ipse parenti
fecerat et Stygia candentem tinxerat unda.
Exin, quae mediis ingenti annixa columnae
aedibus adstabat, validam vi corripit hastam,
Actoris Aurunci spolium, quassatque trementem.
Deretter la han [d.e.Tumus] kring akslene sine
ei brynje budd med gullplater og lysande massing.
Og samstundes tok han pá seg sverdet og skjoldet
og den raude framstáande hjelmbusken,
det sverdet som eldguden [d.e. Vulcanus] sjplv hadde smidd
til far hans [far til Tumus], Daunus, og herda i vatn frá Styx.
Sá greip han med kraft eit spjut som stod stpdd
til ein veldig stolpe midt inne i huset,
og som var teki som hærfang frá aurunkaren Actor,
og riste det slik at det dirra.
Det er lett á tenkja seg at denne staden i Æneiden, som merkjer seg slik ut,
har vori eit kjært fpredpme for seinare imitasjon.
Báde hjá Homer og Vergil finst eit stildrag som har vori kalla profetisk
ironi (Duckworth 1933:77-78): Ein person trur at ein ting skal fpra til lukke,