Gripla - 01.01.1998, Page 107
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
105
men lesaren skj0nar at tingen i staden vil f0ra til ulukke. Æneiden (bok II) har
eit godt d0me pá dette, der dei trojanske ungdomane jublande kappast om á
draga den lagnadstunge trehesten inn i Troja. Eit d0me pá det same er Didos
brátt oppvekte forelsking i Æneas.
I sagalitteraturen har vi ein velkjend parallell i jomsvikinganes brautande
lovnader i gildet hjá kong Sveinn tjúguskegg, der dei lova á gjera hærferd
mot Hákon jarl i Noreg.
Duckworth (1933:79) seier: „Vergil, like Homer, strikes a tragic note of
foreboding at the time of the greatest joy and happiness of a character". Som
d0me nemner han at Dido, midt i skildringa av den store velkomefesten for
trojanane i Karthago vert kalla „praecipue infelix, pesti devota futurae“ (I:
712). Midt under omtalen av kjærleiksmptet mellom Dido og Æneas i berg-
hola heiter det: „Ille dies primus leti primusque malorum causa fuit“ (IV:
169-170). Og i bok V fortel guden Neptunus til Venus at Æneas og folket
hans skal landa trygt ved Avemus (i Italia), men at ein av dei skal missa livet
pá vegen (Palinurus).
Noko tilsvarande har vi i Gísla saga (kap.6), der dei fire Haukadals-mágane
drikk saman og er lystige og slár stort pá. Men den vise Gestr Oddleifsson
spár at venskapen mellom dei ikkje kjem til á vara lenge. Eit anna dpme har
vi i Njáls saga (kap.l), der hovdingen Hgskuldr Dala-Kollsson i eit gjestebod
stolt syner fram den vakre dotter si til bror sin, Hrútr. Men Hrútr seier at jenta
kjem til á verta til ulukke for mange.
Duckworth (1933:70) seier:
Again and again the epic poets refer to the ignorance of a character
conceming his own fate or that of another person.
Og:
The struggle of Dido between her growing love for Aeneas and her
vow of fidelity to Sychaeus (Aen. IV,9-29)... heightens the reader’s
anticipation of the culmination of the love affair.
Slik skildring av sjelekval andsynes ei viktig avgjerd har vi eit særskilt gri-
pande d0me pá i Snorris soger om Olav den heilage, der han skildrar Olavs
sjelestrid i Garðanki framfor avgjerda om á venda attende til Noreg. I Heims-
kringla les vi om ymse planar som Olav hadde á velja mellom: „hafði hann
stórar áhyggjur ok hugsaði, hvert ráð hann skyldi upp taka“ (Heimskringla II
1945:339). Men det som fár han til á taka ei endeleg avgjerd, er kong Olav
Tryggvason, som syner seg for han i ein draum (i kap. 188).