Gripla - 01.01.1998, Síða 108
106
GRIPLA
4.7 Aningar
Eit særmerke for Vergil, og noko som skil han ut frá dei eldre antikke epika-
rane, er det at han skaper spaning pá ein subtil máte ved á lata lesaren fá berre
ukláre aningar om ting som kjem til á henda i framtida. Den amerikanske
granskaren Georg Duckworth kallar dette for foreshadowing. Duckworth
(1933:6, jfr. s. 26) definerer foreshadowing i det antikke eposet slik:
To foreshadow signifies to give information, in a more or less vague
manner, but in a way to arouse curiosity, as to what may happen in the
future.
Termen foreshadowing vert likevel ikkje brukt pá same máten av alle
granskarar. Om sagalitteraturen seier Andersson (1967:49): „The most
obvious and ubiquitous rhetorical device in the sagas is foreshadowing." Som
dpme pá typar av foreshadowing i sogene nemner han draumar, spádomar,
átvaringar, vábpner, varsel av daude ting og aningar (1967:49-53). Vi ser alt-
sá at Andersson nyttar ordet foreshadowing i ei vidare tyding enn Duckworth.
Etter Duckworths definisjon er det berre aningar som hpyrer inn under de-
ftnisjonen av foreshadowing.
Det som Andersson kallar foreshadowing, vert av Margaret Madelung
(1972:18) kalla foreknowledge. Som typar pá foreknowledge nemner ho
„dreams, curses, premonitions, and prophecies“.
Einar 01. Sveinsson (1943:42) skil heller ikkje klárt mellom dei ymse
typar av opplysning om framtida. I Njála, seier han, „úir og grúir af fyrirboð-
um: forspám, fyrirburðum, hugboði, draumum og ráðagerðum“.
I denne samanhengen vil eg likevel halda meg til Duckworths definisjon
av foreshadowing, som eg jamsteller med aning(ar).
Hjá Vergil er aningane ofte framkalla hjá lesaren av diktaren sjplv. Didos
kjærleikskatastrofe fár lesaren sáleis eit vink om nár diktaren tidleg i omtalen
av henne kallar Dido infelix (ulukkeleg). Og den ulukkelege utgangen for
rutulane i krigen deira med trojanane vert fprebudd hjá lesaren gjennom
diktarens karakterisering av krigslysta deira: „contra fata deum perverso
numine poscunt", d.e. mot gudanes vilje og alle varsel krev dei krig (VII:584,
jfr. Duckworth 1933:49, jfr. og:13, 20).
Oftare kan det vera stort frástand mellom ei slik uklár foreshadowing og
den staden i eposet der den aktuelle hendinga gár i oppfylling. Sáleis vert
Didos dpd antyda alt i bok I 712 ved uttrykket infelix, pesti devota futurae
(„ulukkeleg, vigd til ein framtidig katastrofe“), medan det fyrst er i slutten av
bok IV at Dido tek livet sitt (Duckworth 1933:51, jfr. og 59, 63).