Gripla - 01.01.1998, Qupperneq 114
112
GRIPLA
Bildwerken des Tempels. ... Nun erst erscheint Didos selbst, und ihre
Erscheinung entspricht dem Bilde, das vorbereitet war. ... Das ist ein
In-Szene-Setzen, wie es mir in der antiken erzahlenden Literatur sonst
nicht bekannt ist. ... Auch Dido ihrerseits ist auf die Erscheinung des
Aeneas seit langem und stufenweis vorbereitet.
I samband med Æneas’ (Vergils) skildring av Trojas fall (i bok II) seier
Andersson (1976:73, jfr. 1967:15, 38): „Virgil’s technique is to initiate us
gradually into the scene“. Trojas fall er noko lesaren oppfattar „first as a
dream, then as a dull murmur, then as a sudden and confused revelation, and
finally as a view of itemized destruction“.
Eit godt dpme pá slik gradvis tilnærming har vi i Snorris Óláfs saga helga
(Heimskringla II 1945:41-43) i presentasjonen av kong Sigurðr sýr, dá dron-
ning Astas bodberarar kom til han med bod om at sonen hennar, kong Olav
Haraldsson, var ventande. Vi les at kong Sigurðr var ute pá ein komáker dá
bodberarane kom til han. Vi les om onnefolket og kva dei dreiv med, at kong
Sigurðr var med og fprte tilsyn med arbeidet. Vi les om arbeidskleda og utsjá-
naden hans, karaktereigenskapane og familien hans, ætta hans, korleis han
reagerte pá den sensasjonelle bodskapen, at han tok pá seg dei festkleda som
dronning Asta hadde sendt, drog heim til gards og byrja á taka seg av gjes-
tene. Sá tek gjestebodet til, og etter kvart dei politiske drpftingane.
Eit anna dome pá slik gradvis tilnærming er skildringa i Óláfs saga
Tryggvasonar (Heimskringla I 1941:353-355), av dá sveakongen, danekon-
gen og Eiríkr jarl fulle av spaning stod og ság pá at kong Olav Tryggvasons
flote siglde framom, det eine skipet stendig stprre enn det andre, med kon-
gens skip, Ormr inn langi, til slutt.33
Parallellane mellom dpma i Æneiden og i sagalitteraturen er kláre nok.
Men slik gradvis stiging er sá velkjend báde frá annan litteratur og folkeleg
forteljing at vi knapt kan nytta dette til argument for trua pá spesiell páverk-
nad frá Vergil.
4.10 Natur og scenisk arrangement
4.10.1 Vergils bruk av naturen
Heinze talar om „Sparsamkeit der Naturbeschreibung“ hjá Vergil (1903:390,
391, jfr. Oppermann 1976:101-104, 120-124, 159, 168-169):
33 Lönnroth (1963:84-85) meiner f0rebiletet her er henta ífá Karl den store-tradisjonen (St.
Gallen-munkens frásegn om langobardarkongen Desiderius).