Gripla - 01.01.1998, Page 120
118
GRIPLA
bæði byggða ok óbyggða, svá vítt sem vergldin er.“ Byskup segir, at
sú sýn var heilaglig ok stórmerkilig.35
4.10.6 „Emotional riches“36
Andersson (1976:181) framhevjar som noko nytt hjá Vergil i hpve til dei
eldre epikarane hans „creation of a new emotional density through the use of
scenic mood and the interaction of men and their surroundings“.
Utnytting av naturen til bakgrunn for sinnsstemningar er uvanleg i saga-
litteraturen, men finst som vi sá i fleire stader i sogene om Olav den heilage.
Vi har og somme spreidde dpme i islendingsoger. Særleg kjend er Gunnarr
frá Hlíðarendis replikk i Njáls saga (kap. 75): „Fpgr er hlíðin, svá at mér hefir
hon aldri jafnfpgr sýnzk, bleikir akrar ok slegin tún.“ (Brennu-Njáls saga
1954:182) Men ogsá elles finst einskilde dpme pá naturskildring som er med
.pá á skapa „stemning“, som i frásegna om Grettis kamp med den trollvome
Glámr i Grettis saga (kap. 35): „Tunglskin var mikit úti ok gluggaþykkn; hratt
stundum fyrir, en stundum dró frá.“ (Grettis saga 1936:121) Situasjonen er
hpgdramatisk, og skildringa av máneljoset som snart kjem, snart kverv, aukar
uhyggestemninga endá meir. Her ligg det nær á tenkja at Vergils særmerkte
utnytting av naturen som ramme kring hendingane har vori ei viktig inspira-
sjonskelde.37
4.10.7 Menneskeskildring
Eit hovudsærmerke ved all epikk, báde antikkens og mellomalderens, er det
at hendingane oftast er konsentrerte kring heltar, veldige kjemper, som over-
gár alle andre i vápenkamp. Kjende dpme frá Iliaden er Akilles og Hektor. I
Æneiden kjem dette særleg fram mot slutten av verket, der stridsdugleiken til
hovudhelten Æneas vert illustrert i kampar med imponerande motstandarar
som Mezentius og Tumus.
I tradisjonelle epos var frásegn om slike kampar hovudavsnitt. Gjennom
kampen pá liv og dpd med ein jambyrdig eller overmektig fiende (aristien)
fár helten demonstrert maksimum av sin heltegivnad, sitt personlege mod, sin
lojalitet, sin fysiske styrke og sin vápendugleik.
35 Den legendariske Olavssaga seier ikkje at kong Olav hadde denne syna dá han for over
Kj0len, berre at det var ein gong kongen „fór milli Upplanda ok Svíþjóðar“.
36 Jfr. Andersson (1976:99).
37 Men dette dpmet har og ein sláande parallell i Nibelungenlied (1975:1560): „Ein teil
schein vz den wolken des lichten manen brehen."
x