Gripla - 01.01.1998, Page 121
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
119
Æneiden bok IX har ei livleg skildring av korleis den usympatiske
tyrrhenarkongen Mezentius vert overvunnen av Æneas, som fyrst har drepi
sonen til Mezentius, Lausus. Skildringa av kor djupt Mezentius syrgjer over
sonen sin, og av hans djerve, men vonlause kamp mot Æneas er sá med-
rivande at lesaren lyt fá samhug med han. Det same gjeld andre hovudmot-
standarar av Æneas og mennene hans som den tapre krigarmpya Camilla i
bok XI, og noko pá veg rutularkongen Tumus i bok XII. Alle stader er sjplve
kamphandlingane og replikkar i samband med dei utfprleg omtala.
Noko tilsvarande ser ein i mellomalderleg heltedikting frá Kontinentet
som Rolands-kvedet og Nibelungenlied.
Eddadikta har lite av detaljerte skildringar av kampar. I sagalitteraturen er
derimot slike skildringar yndlingsemne. Ein kan berre minna om sluttkam-
pane til kongane Olav Tryggvason og Olav den heilage i kongesogene, eller
til heltar som Þorgeirr Hávarsson, Gísli Súrsson, Kjartan Óláfsson og
Gunnarr frá Hlíðarendi i islendingsogene.
Pá denne vis kan ein seia at eit særskilt framtredande drag ved antikkens
helteskildring, klárt representert i Æneiden, har eit adekvat tilsvar i sagalit-
teraturen. Ogsá her ligg det nær á rekna med meir aller mindre av litterær
samanheng.
Pá andre mátar kan ein derimot seia at menneskeskildringa i sagalittera-
turen minner páfallande lite om Æneiden.
Heinze (1903:274-275) held fram at skilnaden mellom menneskeskild-
ringane i Odysséen og hjá Vergil,
beruht darauf, dall bei Vergil mit sehr viel gröBerer Entschiedenheit als
bei Homer das Schwergewicht von der áuBeren auf die inneren
Vorgange, vom Körperlichen aufs Seelische verlegt ist.
Det kan synast merkeleg at Vergil i det store eposet sitt aldri gjev ei detaljert
skildring av utsjánaden til hovudpersonar som Æneas og Dido. Vi fár hpyra at
Æneas er ein stor og sterk og tapper helt, og at Dido er pulcherrima. Men
ingen ting er fortalt om lekamsstorleik, andletsform, nase, hár eller skjegg,
augnefarge, munn osb. (jfr. Heinze 1903:135). Det same gjeld kategoriar av
menneske. Gamle menn er jamt rolege, forstandige, kunnskapsrike og med
evne til klok rádlegging, kvinner ofte impulsive eller lidenskapelege, men
trufaste mot mann og heim.
Hovuddrag ved karakteren til Æneas er loyaliteten hans mot kallet og
gudane (pietas), den djupe kjærleiken hans til faren, Anchises, og til sonen
Ascanius, og truskap mot og omsorg for hans undergjevne. Dido er lagnads-