Gripla - 01.01.1998, Page 131
VERGIL-PÁVERKNAD PÁ NORR0N LITTERATUR
129
6.3 Fámœlt uttrykksmate
Eit hovudsærmerke ved det klassiske epos er lange og ordrike replikkar, og,
ikkje minst hjá Homer, personnamn ofte utvida med prydelege apposisjonar
(epitheta omantia). Som i Iliaden (i Vandviks omsetjing 1951:5):
„Hæve Akilles, som Zevs held av, du byd meg á seia
kvifor han harmast pá oss, den visshpve drotten Appollon.“
Tok dá Akilles til ords, den snarfptte kjempa og svara:
Eller i Odysséen (i Garborgs omsetjing 1919:2): „Honom gav soleis svar
Atene, den straal-pygde disi“. Vergil nyttar mykje mindre av slike prydande
apposisjonar. Eit ofte brukt uttrykk er likevel pius Aeneas.
Sagastilen, som har vori kalla „folkeleg“, ligg mykje nærare vanleg kvar-
dagstale og skyr uturvande ord. Det som gjer mest inntrykk i denne stilen er
ofte fyndige og fámælte replikkar, der orda har rik pregnans, som Vésteinn
Vésteinsson replikk i Gísla saga (kap. 13), dá han hadde fátt banesáret:
„Hneit þar!“ (1943:43).
6.4 Samanlikningar sjeldne og konvensjonelle
I det antikke epos er samanlikningar eit særs framtredande stilmiddel. Saman-
likningar kan ofte vera utbygde med assosiasjonar og detaljar som nár langt
ut over den logiske analogien som var utgangspunktet. Dette er velkjent ogsá
hjá Vergil. Eit godt dpme har vi i Æneiden bok IV (402^107), der diktaren
skildrar kor maureflittige trojanane var dá dei skulle forlata Karthago:
Ac velut ingentem formicae farris acervum
cum populant, hiemis memores, tectoque reponunt:
It nigrum campis agmen praedamque per herbas
convectant calle angusto, pars grandia trudunt
obnixae frumenta umeris, pars agmina cogunt
castigantque moras; opere omnis semita fervet.
Men som nár maurar gár laus pá ein veldig dunge av kveite
og dreg komet i hus med tanken pá komande vinter —
og som ein svart hær dreg dei fram med sitt lettfengne bytte
og f'orer det med seg etter den tronge stigen —
somme ber tunge bprer av komet pá ryggen,
andre driv pá og klandrar dei som er seine.
Heile stigen yrer av aulande annsemd.