Fróðskaparrit - 01.01.1994, Blaðsíða 42
54
BALLADANEINORSK KULTUR ETTER 1840
hadde eigne balladar uavhengig av Kjem-
peviseboka. Likevel kan vi seie at det lit-
terært interesserte publikum først fekk
høve til á bli kjent med den norske ballade-
tradisjonen da Landstad gav ut Norske
Folkeviser. Den kom ut heftevis i 1852-53.
Ná kunne vi venta ein liknande respons
pá Norske folkeviser som den som vart As-
bjømsen og Moes eventyr til del. Eventyra
vart ganske snart folkelesnad og fekk ei
stilling som ein spesielt verdifull del av vár
nasjonale litteratur. Denne stillinga fekk
eventyra trass i at dei er den mest inter-
nasjonale folkediktgenren vi har. Folke-
visene er meir bundne til spráket og má
seiast á vere langt meir norske, i alle fall
nordiske. Likevel tyder mange ting pá at
folkeviseboka fekk liten gjennomslags-
kraft. Boka má ha gitt eit inntrykk av at
dette var interessante viser, men mest for
heilt spesielt interesserte. Særleg har nok
telemarksdialekten vore ei hindring for
lesarar frá bymiljø.
Mitt postulat er altsá at Landstads bok
fekk relativt liten respons i det norske kul-
turelle miljøet. Rett nok skreiv Henrik Ib-
sen nokre folkevisedrama i slutten av 1850
ára. Han hadde sikkert lese Landstads bok,
men mitt inntrykk er at danske balladar har
vore vel sá viktige inspirasjonskjelder.
Vi kan ogsá mále responsen pá Land-
stads bok ved á sjá pá det nedslaget den
fekk i seinare visebøker. Eit ár etter at
Landstads Norske folkeviser var utgjeve
kom det ut ei viktig songbok i Noreg. Det
var Ole Vigs Sange og Rim for det norske
folk. Pá mange mátar kan vi seie at dette var
den første modeme songbok i Noreg. Song-
bøkene som var utgjevne tidlegare inneheld
stort sett songar og viser som er heilt daude
i dag. Ingen kjenner dei og ingen har høyrt
dei sunge. Unntaket er berre nokre fá viser
frá Det norske Selskab i København pá
slutten av 1700talet. I Ole Vigs songbok
derimot møter vi eit repertoar som vi kjen-
ner att frá seinare skolesongbøker heilt
fram til siste etterkrigstid. Vi kan seie at
Ole Vigs bok vart ei mor til den norske
skolesongboktradisjonen i over hundre ár.
Ole Vig var gmndtvigianar og folkeopp-
lysningsmann, redaktør av Folkevennen,
eit blad som vart gjeve ut av Selskabet for
Folkeoplysningens fremme. Nettopp fordi
Vig var grundtvigianar og hadde uttalte fe-
drelandshistoriske siktemál med boka si
skulle vi vente at balladane var rikt repre-
sentert. Det er heilt utenkjeleg at Vig ikkje
skulle ha gjort seg kjent med Landstads
folkeviser, særleg fordi Lindeman, som
hadde státt for melodiane til folkevisene,
ogsá har ansvaret for melodibilaget til Vigs
bok. Sange og Rim for det norske Folk in-
neheld 265 songar, av desse er det berre 16
balladar. Talet verkar nok uventa lite, men
nár vi ser grundigare pá desse visene vert vi
enda meir forundra. Av desse 16 balladane
er det 14 danske. Det er danske kjempevis-
er i Oehlenschláger, Grundtvig og Winters
versjonar. Eit par viser, Hakon Hákonsons
død (TSB C11) og Alv Erlingsons død
(TSB C17), har forresten Ole Vig bear-
beidd sjølv.
Berre to av balladane er altsá norske, og
av desse er det berre Bendik og Árolilja
(TSB D432) som er henta frá Landstad. Til
denne visa er det forresten ikkje doku-
mentert nokon norsk melodi, sá Lindeman
fár problem med melodibilaget. Dette