Fróðskaparrit - 01.01.1994, Blaðsíða 57
DET NORRØNE FOLKEVISEOMRÁDET OG FÆRØYANE
69
Det er nok rett at byen i si tid hadde eit
kongehoff som ogsá var eit kulturelt sen-
trum. Men det finst ikkje ei einaste opp-
lysning som dokumenterer at hoffet hadde
noko som helst á gjera med folkevisedikt-
ing. Vestlandet er i det heile fatig pá gamle
viser. Einast Dei to systre er kjend rundt
ikring i 14 oppskrifter, og brotstykke av
Haugebonden finst her og der. Det er stort
sett det heile og er ikkje mykje á byggja pá
i vurderinga av Bergen og Vestlandet som
i mport/eksport-omráde.
Vestlandet treng ikkje á ha vore eit sen-
tralt viseomráde “før”. I Noreg synest dei
folkloristiske genrene á ha ulik geografisk
frekvens. Eventyr og folkeviser har utvil-
somt hovudomrádet sitt i Telemark. Gam-
lestevet har ogsá ei sentral stilling her. Nys-
tevet derimot høyrer først og fremst til i
Aust-Agder, medan 89-90% av gátene er
oppskrivne pá Vestlandet. Det er ikkje noko
som seier at det má ha vore annleis.
Teorien om Færøyane som hovudomráde
for kjempeviser/trollviser har vorte imøte-
gátt av di det ikkje har vore gjort nokon
analyse av viser pá Vestlandet som utvil-
samt peikar pá færøysk opphav. No har eg
gjort ei slik analyse av den eldste visa i
norsk oppskrift, Friarferda til Gjøtland frá
Sunnmøre 1662 (Alver, 1981). Visa ligg
nær til færøysk Asmundur skeinkjari.
Sjølvsagt er det eit for spinkelt grunnlag til
á hevda at Færøyane er einaste diktstad for
váre felles visegrupper. Men det er heilt
klárt at det er ei norsk-færøysk kjempevise
og at færøysk balladedikting er mest
nærskyld. Der finn vi dei mest karakteris-
tiske likskapane og dei fleste spráklege
samanfalla.
I denne visa finn vi ogsá gode grunnar til
á hevda at det vestnorske viseomrádet var
Færøyane. Dá visa vart dikta var Færøyane
eit norsk len tilliks med andre len pá Vest-
landet. Dei tilfellege og spreidde visefrag-
menta vi elles har frá det som i dag er Vest-
landet, gir inga argument for at det har
funnest eit “mellomomráde” mellom Tele-
mark og Færøyane. Analysen av Friarferda
til Gjøtland er eit klárt indusium pá at
Færøyane kanskje var det viktigaste bal-
ladeomráde i Noreg.
Men det er mykje anna som talar for
Færøyane som primæromráde: dansen,
rekkedansen, som vi finn i levande tradi-
sjon pá øyane her. I Noreg vart Færøy-
dansen aldri sett som noko opphavleg og
originalt færøysk. Hulda Garborg og Klara
Semb valfarta til Færøyane med det uttryk-
te forsettet “á føra folkevisedansen heimatt
til Noreg”. Sjølvsagt lág det inga primær-
forsking bak dette málretta arbeidet, men
forskarar gav stønad til ideologien med á
hevda at visa og dansen hadde fylgts át, og
var dei færøyske visene import frá Noreg,
mátte ogsá dansen vera det. For á gjera det
riktig vanskeleg og interessant fann dei
opphavet til sável folkevisediktinga som
dansen i Frankrike, og “vandringsvegen”
til oss hadde gátt over England.
Eg skal ikkje gá i detalj i dette, det har
vore hevda av nær sagt alle folkevise-
forskarar gjennom 100 ár, og dei har sitert
kvarandre i ein grad at det nærmast er blitt
eit uomtvisteleg faktum.
Etter mi meining var dette ein dárleg ide,
som bryt med alle modeme etnologiske di-
mensjonar: tid, rom, sosial-lag. Rekkedans
er eit felles europeisk fenomen, knytt til