Fróðskaparrit - 01.01.1994, Síða 57

Fróðskaparrit - 01.01.1994, Síða 57
DET NORRØNE FOLKEVISEOMRÁDET OG FÆRØYANE 69 Det er nok rett at byen i si tid hadde eit kongehoff som ogsá var eit kulturelt sen- trum. Men det finst ikkje ei einaste opp- lysning som dokumenterer at hoffet hadde noko som helst á gjera med folkevisedikt- ing. Vestlandet er i det heile fatig pá gamle viser. Einast Dei to systre er kjend rundt ikring i 14 oppskrifter, og brotstykke av Haugebonden finst her og der. Det er stort sett det heile og er ikkje mykje á byggja pá i vurderinga av Bergen og Vestlandet som i mport/eksport-omráde. Vestlandet treng ikkje á ha vore eit sen- tralt viseomráde “før”. I Noreg synest dei folkloristiske genrene á ha ulik geografisk frekvens. Eventyr og folkeviser har utvil- somt hovudomrádet sitt i Telemark. Gam- lestevet har ogsá ei sentral stilling her. Nys- tevet derimot høyrer først og fremst til i Aust-Agder, medan 89-90% av gátene er oppskrivne pá Vestlandet. Det er ikkje noko som seier at det má ha vore annleis. Teorien om Færøyane som hovudomráde for kjempeviser/trollviser har vorte imøte- gátt av di det ikkje har vore gjort nokon analyse av viser pá Vestlandet som utvil- samt peikar pá færøysk opphav. No har eg gjort ei slik analyse av den eldste visa i norsk oppskrift, Friarferda til Gjøtland frá Sunnmøre 1662 (Alver, 1981). Visa ligg nær til færøysk Asmundur skeinkjari. Sjølvsagt er det eit for spinkelt grunnlag til á hevda at Færøyane er einaste diktstad for váre felles visegrupper. Men det er heilt klárt at det er ei norsk-færøysk kjempevise og at færøysk balladedikting er mest nærskyld. Der finn vi dei mest karakteris- tiske likskapane og dei fleste spráklege samanfalla. I denne visa finn vi ogsá gode grunnar til á hevda at det vestnorske viseomrádet var Færøyane. Dá visa vart dikta var Færøyane eit norsk len tilliks med andre len pá Vest- landet. Dei tilfellege og spreidde visefrag- menta vi elles har frá det som i dag er Vest- landet, gir inga argument for at det har funnest eit “mellomomráde” mellom Tele- mark og Færøyane. Analysen av Friarferda til Gjøtland er eit klárt indusium pá at Færøyane kanskje var det viktigaste bal- ladeomráde i Noreg. Men det er mykje anna som talar for Færøyane som primæromráde: dansen, rekkedansen, som vi finn i levande tradi- sjon pá øyane her. I Noreg vart Færøy- dansen aldri sett som noko opphavleg og originalt færøysk. Hulda Garborg og Klara Semb valfarta til Færøyane med det uttryk- te forsettet “á føra folkevisedansen heimatt til Noreg”. Sjølvsagt lág det inga primær- forsking bak dette málretta arbeidet, men forskarar gav stønad til ideologien med á hevda at visa og dansen hadde fylgts át, og var dei færøyske visene import frá Noreg, mátte ogsá dansen vera det. For á gjera det riktig vanskeleg og interessant fann dei opphavet til sável folkevisediktinga som dansen i Frankrike, og “vandringsvegen” til oss hadde gátt over England. Eg skal ikkje gá i detalj i dette, det har vore hevda av nær sagt alle folkevise- forskarar gjennom 100 ár, og dei har sitert kvarandre i ein grad at det nærmast er blitt eit uomtvisteleg faktum. Etter mi meining var dette ein dárleg ide, som bryt med alle modeme etnologiske di- mensjonar: tid, rom, sosial-lag. Rekkedans er eit felles europeisk fenomen, knytt til
Síða 1
Síða 2
Síða 3
Síða 4
Síða 5
Síða 6
Síða 7
Síða 8
Síða 9
Síða 10
Síða 11
Síða 12
Síða 13
Síða 14
Síða 15
Síða 16
Síða 17
Síða 18
Síða 19
Síða 20
Síða 21
Síða 22
Síða 23
Síða 24
Síða 25
Síða 26
Síða 27
Síða 28
Síða 29
Síða 30
Síða 31
Síða 32
Síða 33
Síða 34
Síða 35
Síða 36
Síða 37
Síða 38
Síða 39
Síða 40
Síða 41
Síða 42
Síða 43
Síða 44
Síða 45
Síða 46
Síða 47
Síða 48
Síða 49
Síða 50
Síða 51
Síða 52
Síða 53
Síða 54
Síða 55
Síða 56
Síða 57
Síða 58
Síða 59
Síða 60
Síða 61
Síða 62
Síða 63
Síða 64
Síða 65
Síða 66
Síða 67
Síða 68
Síða 69
Síða 70
Síða 71
Síða 72
Síða 73
Síða 74
Síða 75
Síða 76
Síða 77
Síða 78
Síða 79
Síða 80
Síða 81
Síða 82
Síða 83
Síða 84
Síða 85
Síða 86
Síða 87
Síða 88
Síða 89
Síða 90
Síða 91
Síða 92
Síða 93
Síða 94
Síða 95
Síða 96
Síða 97
Síða 98
Síða 99
Síða 100
Síða 101
Síða 102
Síða 103
Síða 104
Síða 105
Síða 106
Síða 107
Síða 108
Síða 109
Síða 110
Síða 111
Síða 112
Síða 113
Síða 114
Síða 115
Síða 116

x

Fróðskaparrit

Beinleiðis leinki

Hvis du vil linke til denne avis/magasin, skal du bruge disse links:

Link til denne avis/magasin: Fróðskaparrit
https://timarit.is/publication/15

Link til dette eksemplar:

Link til denne side:

Link til denne artikel:

Venligst ikke link direkte til billeder eller PDfs på Timarit.is, da sådanne webadresser kan ændres uden advarsel. Brug venligst de angivne webadresser for at linke til sitet.