Fróðskaparrit - 01.01.1994, Blaðsíða 45
BALLADANE I NORSK KULTUR ETTER 1840
57
resenterte gav dei ein ekstra verdi som
gjorde at tradisjonen kunne ta seg oppatt.
Dette gjeld først og fremst sentralomrádet
Telemark. I omráde som Solør, der innsam-
linga var heilt minimal, døydde tradisjonen
ut. Innanfor sentralomrádet har ballade-
tradisjonen halde seg sterkt nok til at det
har vore mogleg á samle inn nytt ballade-
material, særleg melodiar til heilt i det siste.
Tradisjonen har ogsá vore dyrka innanfor
det organiserte folkemusikkmiljøet. Dette
har i dei siste ára resultert i ei rekkje gode
fonogramutgáver med balladar sunge i
tradisjonell stil. Eg kan nemne namn som
Agnes Buen Gamás, Kirsten Bráten Berg,
Sinikka Langeland, Halvor Hákanes og
fleire.
Ved sida av den tradisjonsbundne stilen
har balladane ogsá vorte brukt innanfor det
vi kan kalle den skolerte songtradisjonen.
Torvald Lammers var ein bassbaryton-
songar og songpedagog som spelte ei lei-
ande rolle i norsk musikkliv frá 1880 ára og
utover. I nittiára begynte han saman med
kona si Mally, á syngje balladar. Han bruk-
te i starten Landstads tekster til Lindemans
melodioppskrifter. Mange av Lindemans
melodioppskrifter vart kjent gjennom hans
konsertar. Etter kvart fekk han tilgang til
Moltke Moes restituerte tekster og brukte
desse. I starten brukte han dette repertoaret
i private lag, saman med balladeillustra-
tøren Gerhard Munthe, Eilif Petersen, Erik
Werenskjold og Lritjof Nansen. Seinare
song han balladar pá tallause tumear rundt
i heile landet. Han er tmleg den første som
song Moltke Moes restitusjon av Draum-
kvedet offentleg. Det var pá ein konsert i
Johanneskyrkja i Oslo i 1896. Konserten
førte naturlegvis til protestar frá pietistisk
hald.
Han gav ogsá ut to smá hefter med bal-
ladar: Norske folkeviser. Tekst og toner I
(1901) og II (1902). Tekstene og melodiane
i desse hefta har han henta mange stader,
men fleire av Moltke Moes restitusjonar er
her pá trykk for første gong.
Det finst ein del bevarte fonografrul-
lopptak med Torvald Lammers. Berre eit av
desse er ei ballade. Det er Dalebu Jonson
(TSB D 61) som han syng i eit opptak med
The Gramophone Company i desember
1904.
Etter at Torvald Lammers var død skulle
det gá ei tid før nokon tok opp denne tradis-
jonen med balladar i konsertsamanheng.
Balladane hadde enná ikkje vunne seg noko
rom som viser. Dette kan vi ogsá sjá pá den
svake plassen dei har i skolesongbøker.
Mats Bergs Skolens sangbok har vore den
mest bmkte songboka i norsk skole dette
árhundret. Den gjekk i om lag ein million
eksemplar. I første utgáva frá 1914 finn vi
berre to balladar. Det er Duva sette seg pá
lindekvist, som har overlevd frá Ole Vigs
Sange og Rim frá 1854. Og den andre er
Per Spelmann (TSB F 45). Eigentleg er
dette trass i TSB-nummeret ikkje noko bal-
lade, men eit sláttestev. I Mats Bergs andre
utgáve frá 1916 er Duva sette seg pá lin-
dekvist teke bort.
Først i etterkrigstida, etter at Visens ven-
ner hadde gjort sitt til á oppvurdere visa
som kulturform, fár vi nye store songarar
som har balladar pá sitt repertoar. Av desse
kan vi nemne Erik Bye, Birgitte Grimstad
og Alf Cranner.