Fróðskaparrit - 01.01.1994, Blaðsíða 68
80
BALLADEN HOS SIGRID UNDSET
tiasjonshandling som ápner for synden sá-
vel som for náden. Dessuten inngár den i et
videre kompleks i bamets sinn, i det den er
knyttet sammen med trangen til større
virkelighetserfaring”. Men Kristins og hes-
tens Gullsveinens reaksjonar nár dei møter
alvemøya, er likevel prega av panikk -
alvemøya peikar slik framover mot “sitt al-
ter ego, pestgygren, som i slutten av Korset
krever menneskeoffer” (Bliksrud. 1988:
222).
Alvemøyepisoden der Kristin bind seg
ein krans av vendelrot og set den pá hov-
udet, peikar elles i minst like stor grad fram
mot slutten av Kransen. Ná skal Kristin
pyntast som brur. Som alvemøya er ho
prydd med sølv, og det er fm Aashild som
kjemmer háret hennes. Nár ho fár brurekro-
na pá hovudet, ber fm Aashild Kristin spe-
gle seg i eit vasskar. Kristin “skimtet sit
eget ansigt stige hvitt op fra vandet, det
kom saa nær, at hun saa guldkronen over
det. Rundt om rørte sig saa mange lyse og
mørke skygger i speilet - der var noget hun
var like ved at mindes - saa var det som hun
skulde daane bort - hun tok for sig om
karets rand” (Kransen: 331).
Báde alvemøyepisoden og situasjonen
der Kristin blir pynta som bmr, minner
mykje om sentrale balladescener. I “Liti
Kjersti” gár hovudpersonen - som ber det
same namnet som Kristin - til bekken og
greier háret:
Ho rekte sitt hár i klare vann
so greidde ho ette mæ ein sylvarkam.
Ho vippa sitt hár i røde gullband
ein liten gullkrans so sette ho pá
(Blom og Bø, 1981: 58).
Pyntescenen i Kransen kan f.eks. jamførast
med denne liknande scenen i bergtakings-
visa “Margit Hjukse”:
Sá gav han [bergekongen] henne dei raude
stakkar tvo
og lauv uti bringa og sylvspente sko.
Møyane tolv dei reidde hennar hár,
den trettande sette gullkruna pá
(Liestøl og Moe, 1958 I: 173).
Alvemøy og bergekonge høyrer til dei sen-
trale aktørane i naturmytiske balladar.
Desse balladane utgjer ei eiga gruppe blant
nordiske mellomalderviser, og dei har som
føresetnad tru pá magi, trolldom og over-
naturlege vesen. I viser av dette slaget skjer
det ofte eit møte mellom menneske og
makter - eit møte som kan ende tragisk for
mennesket som i “Margit Hjukse” eller
“Olav Liljekrans” - men der mennesket
ogsá kan vinne over naturvesenet som i
“Villemann og Magnhild” eller “Heiemo
og nykkjen”.
Ikkje alltid - men svært ofte - syner det
seg at mennesket er særleg disponert for á
møte maktene i det Willy Sørensen kallar
“forlovelsessituationen”. Om Olav Lil-
jekrans som møter alvemøya rett før han
skal gifte seg, og blir freista og sára til døde
av henne, skriv Sørensen: “Oluf befinder
sig ikke i en tilfældig situation, men i den
afgørende situation hvor følelseslivet har
náet sin smukkeste udfoldelse og hvor
mennesket pá en gang er stærkest og
svagest... dæmoneme lurer ikke pá men-
nesket i tide og utide, de træder først frem
nár det stár i en særlig, kritisk situation -
‘forlovelses-situationen’” (Sørensen, 1962: