Fróðskaparrit - 01.01.1994, Blaðsíða 67
BALLADEN HOS SIGRID UNDSET
79
set har plassert i midtpartiet i Kransen, dvs.
Danske-Sivords “Ivar herr Jonsøn”. Den
finst i danske 1800-talsvariantar og i ei
svensk renessanseoppskrift. Danske-Si-
vords vise pá átte strofer er sett saman av
strofer frá variantane i Danmarks gamle
Folkeviser VII. Men Sigrid Undset har en-
dra handlinga i forhold til DgF-tekstane -
som heller ikkje samsvarar heilt.
Alle variantar tar likevel til med at Ivar
dansar “ved dronningens hand”. I den
svenske 1500-talsvarianten blir det fortalt
at dronninga og Ivar har ei dotter saman
som dei har gift bort. Nár kongen høyrer at
det er Ivar og dronninga som dansar saman,
blir han sjalu og trugar med á hengje Ivar. I
dei danske variantane derimot, heiter det at
dronninga har ei dotter som Ivar har krenkt.
I versjonen i Kransen har Ivars erotiske og
seksuelle overgrep rykt báde dronninga og
kongen nærmare inn pá livet - “I var først
min!” seier Ivar. Med denne endringa blir
trekantkonstellasjonen i balladen jamførbar
med forholdet Simon-Kristin-Erlend som
nettopp er i ferd med á utvikle seg.
Alvemøy og bergekonge
I det første kapitlet i Kransen nár Kristin er
sju ár, fár ho bli med faren og nokre av
mennene hans til setra. Nár dei vel er
komne fram, fár folk seg mat og øl - og
báde dei vaksne og Kristin somnar. Men ho
vaknar før dei andre og gir seg til á plukke
bær og rusle rundt i skoglia - da ser ho eit
ukjent vesen: “Men med ett blev hun vár et
ansigt mellem løvet - der stod en frue
derover, med hvitt ansigt, brusende, lingult
haar - de store, lysegraa øinene og de
spilte, blekrøde næsebor mindet om Guld-
sveinens. Hun var klædt i noget blankt løv-
grønt, og grener og kvister skjulte hende op
til de brede bryster, som var fuldsatte med
spænder og blanke kjeder. Kristin stirret
paa synet - da løftet fruen en haand og viste
hende en krans av guldblomster; hun vinket
med den” (Kransen: 21). Ingen i følgjet er i
tvil om at det er huldra Kristin har sett -
alvemøya eller dvergmøya. Eit lite varsel
om henne har lesaren alt fátt, for pá vegen
til setra rir følgjet framom ein bekk der det
bur ein nøkk - og Kristin tenkjer pá at det
lever troll, tussar og alvefolk under jord og
stein.
Alvemøyepisoden er grundig analysert
av Ellisiv Steen - som bl.a. peikar pá nar-
sissus-symbolikken i scenen der Kristin
speglar seg i bekken, og pá kjærleiks-
blomen vendelrot som Kristin plukkar.
Hendinga “trekker inn assosiasjoner med
erotikk, seksualdrift, kyskhet, jordens fris-
telser og den selvspeilende forfengelighet
og jeg-bevissthet” (Steen, 1969: 174).
Steen minner ogsá om korleis Kristin kjem
til á synast at det er likskap mellom alve-
møya og fru Aashild - som pá eit vis over-
tar alvemøya sin plass. Dessutan set Steen
alvemøy-Aashild-motivet i samband med
Erlend. Meir og meir blir han for Kristin
“forbundet med representanten for det
livsprinsipp hun skyldbevisst føler er kris-
tendommens vesen imot, men som hun
alltid má følge i kraft av sin jordbundne
selvvilje” (ibid.: 179).
Ogsá Liv Bliksrud legg vekt pá Kristins
møte med alvemøya, og ser ikkje opplevin-
ga som reint negativ i høve til det kristne
motivet. Møtet med den grønkledde huldra
som lokkar med kransen, blir “en slags ini-