Fróðskaparrit - 01.01.1994, Side 45

Fróðskaparrit - 01.01.1994, Side 45
BALLADANE I NORSK KULTUR ETTER 1840 57 resenterte gav dei ein ekstra verdi som gjorde at tradisjonen kunne ta seg oppatt. Dette gjeld først og fremst sentralomrádet Telemark. I omráde som Solør, der innsam- linga var heilt minimal, døydde tradisjonen ut. Innanfor sentralomrádet har ballade- tradisjonen halde seg sterkt nok til at det har vore mogleg á samle inn nytt ballade- material, særleg melodiar til heilt i det siste. Tradisjonen har ogsá vore dyrka innanfor det organiserte folkemusikkmiljøet. Dette har i dei siste ára resultert i ei rekkje gode fonogramutgáver med balladar sunge i tradisjonell stil. Eg kan nemne namn som Agnes Buen Gamás, Kirsten Bráten Berg, Sinikka Langeland, Halvor Hákanes og fleire. Ved sida av den tradisjonsbundne stilen har balladane ogsá vorte brukt innanfor det vi kan kalle den skolerte songtradisjonen. Torvald Lammers var ein bassbaryton- songar og songpedagog som spelte ei lei- ande rolle i norsk musikkliv frá 1880 ára og utover. I nittiára begynte han saman med kona si Mally, á syngje balladar. Han bruk- te i starten Landstads tekster til Lindemans melodioppskrifter. Mange av Lindemans melodioppskrifter vart kjent gjennom hans konsertar. Etter kvart fekk han tilgang til Moltke Moes restituerte tekster og brukte desse. I starten brukte han dette repertoaret i private lag, saman med balladeillustra- tøren Gerhard Munthe, Eilif Petersen, Erik Werenskjold og Lritjof Nansen. Seinare song han balladar pá tallause tumear rundt i heile landet. Han er tmleg den første som song Moltke Moes restitusjon av Draum- kvedet offentleg. Det var pá ein konsert i Johanneskyrkja i Oslo i 1896. Konserten førte naturlegvis til protestar frá pietistisk hald. Han gav ogsá ut to smá hefter med bal- ladar: Norske folkeviser. Tekst og toner I (1901) og II (1902). Tekstene og melodiane i desse hefta har han henta mange stader, men fleire av Moltke Moes restitusjonar er her pá trykk for første gong. Det finst ein del bevarte fonografrul- lopptak med Torvald Lammers. Berre eit av desse er ei ballade. Det er Dalebu Jonson (TSB D 61) som han syng i eit opptak med The Gramophone Company i desember 1904. Etter at Torvald Lammers var død skulle det gá ei tid før nokon tok opp denne tradis- jonen med balladar i konsertsamanheng. Balladane hadde enná ikkje vunne seg noko rom som viser. Dette kan vi ogsá sjá pá den svake plassen dei har i skolesongbøker. Mats Bergs Skolens sangbok har vore den mest bmkte songboka i norsk skole dette árhundret. Den gjekk i om lag ein million eksemplar. I første utgáva frá 1914 finn vi berre to balladar. Det er Duva sette seg pá lindekvist, som har overlevd frá Ole Vigs Sange og Rim frá 1854. Og den andre er Per Spelmann (TSB F 45). Eigentleg er dette trass i TSB-nummeret ikkje noko bal- lade, men eit sláttestev. I Mats Bergs andre utgáve frá 1916 er Duva sette seg pá lin- dekvist teke bort. Først i etterkrigstida, etter at Visens ven- ner hadde gjort sitt til á oppvurdere visa som kulturform, fár vi nye store songarar som har balladar pá sitt repertoar. Av desse kan vi nemne Erik Bye, Birgitte Grimstad og Alf Cranner.
Side 1
Side 2
Side 3
Side 4
Side 5
Side 6
Side 7
Side 8
Side 9
Side 10
Side 11
Side 12
Side 13
Side 14
Side 15
Side 16
Side 17
Side 18
Side 19
Side 20
Side 21
Side 22
Side 23
Side 24
Side 25
Side 26
Side 27
Side 28
Side 29
Side 30
Side 31
Side 32
Side 33
Side 34
Side 35
Side 36
Side 37
Side 38
Side 39
Side 40
Side 41
Side 42
Side 43
Side 44
Side 45
Side 46
Side 47
Side 48
Side 49
Side 50
Side 51
Side 52
Side 53
Side 54
Side 55
Side 56
Side 57
Side 58
Side 59
Side 60
Side 61
Side 62
Side 63
Side 64
Side 65
Side 66
Side 67
Side 68
Side 69
Side 70
Side 71
Side 72
Side 73
Side 74
Side 75
Side 76
Side 77
Side 78
Side 79
Side 80
Side 81
Side 82
Side 83
Side 84
Side 85
Side 86
Side 87
Side 88
Side 89
Side 90
Side 91
Side 92
Side 93
Side 94
Side 95
Side 96
Side 97
Side 98
Side 99
Side 100
Side 101
Side 102
Side 103
Side 104
Side 105
Side 106
Side 107
Side 108
Side 109
Side 110
Side 111
Side 112
Side 113
Side 114
Side 115
Side 116

x

Fróðskaparrit

Direkte link

Hvis du vil linke til denne avis/magasin, skal du bruge disse links:

Link til denne avis/magasin: Fróðskaparrit
https://timarit.is/publication/15

Link til dette eksemplar:

Link til denne side:

Link til denne artikel:

Venligst ikke link direkte til billeder eller PDfs på Timarit.is, da sådanne webadresser kan ændres uden advarsel. Brug venligst de angivne webadresser for at linke til sitet.