Fróðskaparrit - 01.01.1964, Page 228
236 Kring J. H. Schroters omsetjing av Matteus>Evangeliet, 1823
om norsk. For islandsk má ein vel gjera eit unnatak. Her
har málreinsing og máldyrking alt frá 1700*talet av, báde
demt opp for ny innláning og dessutan greidd á visa ut
or málet lánord og grupper av lánord, t. d. slike som kom
med reformasjonen.
Norske málfore syner at det er særleg dei lágtyske lán*
orda som har sett merke etter seg. Ofte lever lánorda jam*
sides dei heimlege og gjev nyansar til málet. I særlege hóve
kan det vera tale om ei utskifting, men báde notidsmálfóre
og eldre norske málfórepróver syner at slike utskiftingar
helst heng saman med endringar i materiell kultur. Nye
ting kjem til og gamle gár or bruk, og orda skifter med
tingen (som nár t. d. kola vert avlóyst av lampa). Elles finst
det mange dóme pá at lánord representerer stilistiske ytter*
kantar: anten det svært hógtidelege eller det særmerkt
kvardagslege (annamma, bedrift, preike, tekst), eller at ymse
avleiingar (t. d. likning, liknad, liknelse, liknament) gjev
ulik stiltone. Dette er sjólvsagt eit mangsidig og innflókt
spórsmál, og det finst unnatak frá alle reglar.
Lánorda er i mange hóve nyttige. Dei er kulturens sende*
menn som fritt fer over landegrensene, og fórer med seg
gagnlege og tenlege varer som folk fritt kan velja i, om
dei sá tykkjer. Andre tider kan lánorda vera á likna med
framande herstyrkar som legg under seg landet og trengjer
heimeorda til side og tek romet etter dei. Samstundes vert
evna til ordavleiing og ordlaging nedsett. Skriftmál med
lang og stó skrifttradisjon kan sjólvsagt tola mykje meir av
spráklán enn nyreiste skriftmál (som vi har mange dóme
pá i det 19. h. á.), som pá alle vis stár pá svagande fóter.
Dei store lánordsgruppene (t. d. visse abstrakte ord avleidde
pá same máten, t. d. ord pá *else) var dá stórste problemet,
ikkje einskilde lánord som dei nye spráka lettare kunne ta
opp i seg, særleg nár dei ikkje hadde ei avstikkande form.
Vi skal seinare seia litt om Ivar Aasens syn pá desse ting.
Her er det viktig á halda fast pá at for han var det ei
viktig side ved praktisk málarbeid at evna til ordavleiing