Fróðskaparrit - 01.01.1964, Blaðsíða 234
242 Kring J. H. Schroters omsetjing av MatteusÆvangeliet, 1823
pá nár dei mislika Schroters omsetjing, eller hadde kritikken
andre grunnar. Málforeskilnaden forklarar noko, men religiose
fordomar forklarar meir. Vi veit at alle endringar i religióse
tekster (t. d. Katekisme=utgáver, Salmebøker, Ritual) móter
hardsett motstand i alle (protestantiske) land. Dóma er
mange, og tendensen er álmenn. Utfrá ukláre fórestellingar
om den sákalla verbalinspirasjonen har ord og innhald
vorte blanda saman. Dei som var vyrke for innhaldet, vanda
alt nytt i ordval og rettskriving. Det seier seg dá mesta
sjólv at alle Bibelomsetjingar til folkemála som kom til i
fórre hundreáret, og som mátte ta opp tevlinga med det
trygge og tilvande, mótte hardsett motstand med det same,
inntil det nye hadde fátt fotfeste. Sáleis gjekk det óg med
Schróters Matteus*omsetjing. Seinare vart boka berre kalla
fóroyska bók. Nemninga tyder pá at Sóren Sórensens fyrste
dom ikkje vart den endelege.
III
Schróter var ein trottig brevskrivar, og i eit langt skrive*
liv vart det ikkje fá brev han skreiv til sine mange og lærde
vener. Dei breva eg har lese, styrkjer det inntrykket ein
elles fár, at Schróter var ein mangfreistar, ein mann med
ei uroleg og vidræsen ánd, ein mann som tenkte snóggare
enn alle andre, men som samstundes var utan evne til kri*
tisk saumfaring og verdsetjing. Hugskota gav han ingen
mottankar, og han handla impulsivt. Breva ber mange vitne*
mál om det. No skal ikkje dette vera eit forsvar for Schróter,
men nár ein no skal freista á setja han inn i ein stórre saman*
heng, er det naturleg á peika pá at eldhugen og nybyggjar*
ánda, og ikkje minst dei fylgjene som arbeidet hans fekk,
veg opp alt det han mátte vanta av kritisk sans. Han er
ein mann i ei overgangstid, ein mann utanfor dei vanlege
kategoriane.
Alt som barn hadde Schróter vant seg til á skilja fleire
mál. Far hans var tysk fódd, og mor hans var færóysk.
Om den málblandinga han voks opp i, fortel han sjólv i eit