Fróðskaparrit - 01.01.1964, Blaðsíða 232
240 Kring J. H. Schroters omsetjing av MatteussEvangeliet, 1823
ein sams struktur, og dei kunne gá opp i ein sams formel. Dette galdt
og for ordláning utanfrá. Landsmálet tok opp ei mengd ord t. d. frá
dansk (mange var málreinsingsord frá 1700-talet).
I norsk málordskifte har sáleis Munch og Aasen same syn. Dei vur-
derer detaljar ulikt, men dei er samde i hovudsaka. Den málreising som
knyter seg til fornorskingslina (Wergeland, Knud Knudsen) vanta fors
ankring i ein sprákteori. Difor var det og for det fyrste heilt urád á
samla kreftene om konkrete mál og konkrete oppgáver. Kravet om for*
norsking var frá fyrste stund eit subjektivt krav, og det teoretiske grunns
laget for fornorskinga var av ikkje=sprákleg slag, t. d. álmenne idear om
nasjonalitet, opplysningsarbeid, politikk. Med det er det ikkje sagt noko
om at slike teoriar ikkje var livskraftige nok, eller at dei var uviktige som
spráklege drivmakter. Dei var berre av eit anna slag. Landsmálsreisinga
byggjer pá begge teoriar. Mot slutten av hundreáret fár ðg fornorsk-
inga sitt teoretiske grunnlag. Nye sprákteoriar (t. d. den junggramma*
tiske skulen, ortofonisme o. 1.) legaliserer sprákleg páverknad, og gransk*
arane kan syna korleis mála alltid har verka pá kvarandre. Etymologi,
sprákleg fortid m. m. kjem i bakgrunnen Málet har andre funksjonar
som no kjem i framgrunnen (málet er ein talereiskap, har sosiale funk»
sjonar o. L). Dermed fár fornorskinga 6g sitt teoretiske grunnlag. Somme
av dei menn som (i 1890-ára) stod attom fornorskingskravet var heilt
klár over at fornorskinga mátte grunngjevast sprákvitskapleg. Dette kjem
fram i forearbeida til dei fyrste rettskrivingsendringane. Samstundes fár
dette omskiftet i spráktenking ðg fylgjer for Aasens landsmálsrettskriv«
ing. Sjolvsagt má ikkje det som her er sagt, takast for meir enn det er:
ein freistnad pá á gje ei samlande forkláring pá alt det brokute og
mangfelte som fell slik i augo nár det er tale om norsk málstrid. Pá
Færoyane var málsporsmálet ikkje fullt sá innflókt, men dónningane etter
dei nye sprákteoriane móter vi i striden om broytingin kring hundre*
ársskriftet. Samanfatande kan ein seia at alle rettskrivingsendringar
fylgjer i kjólfaret pá sprákteoriane, og skifter med dei.
Dette forklarar kvifor P. A. Munch sa at Schróters rett*
skriving var «det væmmeligste Tój, man kunde se for sine
Ojne,»') eller kvifor Aasen sa at rettskrivinga «saa meget
styg ud.»* 2) Truleg má ein óg sjá Hammershaimbs kritikk
pá denne bakgrunnen, for elles er det vandt á finna ei
samlande forkláring pá kvifor han talar om «en plat
') Sitert etter P. A. Munch: «Samlede Afhandlingers, bd. 2, s. 440.
2) Ivar Aasen: «Brev og dagbóker», bd. 1, s. 232. Om færóysk mál-
vokster sjá elles opplysingar i «Skriftsprák i utvikling. Tiársskrift for
Norsk Spráknemd», Oslo 1964, s. 165 ff. med tilvisingar.