Fróðskaparrit - 01.01.1964, Side 238
246 Kring J. H. Schroters omsetjing av Matteus»Evangeliet, 1823
(«catholske Sange»), signeformularar, boner (t. d. mot uver, trollskap o.l.)
m.m. pá den andre. Schróter har sett at i det siste tilfellet var ordtil-
fanget og ordlegginga páverka av framande mál. Schróter nemner mange
mál i fleng, og utan tydeleg á skilja mellom viktige og uviktige lán-
gjevarar.
Samstundes med at Schróter heldt pá med omsetjinga si av Matteus-
evangeliet, samla han dei gamle visene om Sigurd Fávnesbane: Siure
Qveaje'), tekstgrunnlaget for H. C. Lyngbyes utgáve frá 1822, som fór
er nemnd. Det seier seg sjólv at skilnaden i ordval og málfðring mellom
religióse viser og vanlege kvede mátte te seg tydeleg, ja, at ordvalet
mátte synast heilt motsett, no han hadde gamle og nye viser fóre seg sam-
stundes. Teoretisk i alle fall, hadde Schróter to vegar á velja mellom.
Anten kunne han byggja sitt nye skriftmál pá den litterære (og dermed
pá den spráklege) tradisjon som kveda baud fram, eller han kunne
byggja pá málfóringa, slik han fann ho i nyare dikting og i dagleg-
talen, dvs. med mange spráklán (ord, vendingar etc.), saerleg nár mál-
emnet var hógtideleg og ufæróysk. Schróter valde den siste vegen, jam-
vel no han visste at málfóringa var omskapt og páverka utanfrá. Etter
det vi alt har hóyrt, var det ikkje ein umogeleg tanke for Schróter
dette, av grunnar som vi alt har nemnt. Likevel er det sumt som krev
særlege forkláringar.
Det fyrste vi kan spórja om, er: tykte Schróter og hans
samtidingar at det fylgde ein hógtideleg, ja, mesta gudeleg
dám med manga av spráklána (báde ord og vendingar)?
Dei domar om ME som fór er nemnde, peikar i den lei.
I same lei dreg rðynsler frá andre land, t. d. frá Noreg,
der páverknaden frá danskíreligióst mál har vore tydeleg
og sterk. Dansk mál hadde «skriftautoritet». Dessutan veit
vi at i merknadene sine til ME skil Schróter mellom ord
og vendingar som er ziirlige og ikkje. Grupperer vi desse
etter spráklege særmerke, ser vi at spráklána fell i den
ziirlige gruppa.
Dernest kan vi spórja: Hadde Schróter noko val nár det
galdt ordtilfanget? Eigenleg er dette eit reint teoretisk spórs*
mál, for vi set dá opp val mellom eit konkret og eksi*
*) Sjá «J. H. Schróters optegnelser af Sjúrðar Kvæði», i «Færoensia»
bd. III, utg. ved Chr. Matras, Kbh. 1951—53. I innleiinga er det sett opp
alfabetiske ordlister som gjev opplysningar om viseorddanget (jfr. s.
XLIII ff.).