Fróðskaparrit - 01.01.1964, Page 248
256 Kring J. H. Schroters omsetjing av MatteusÆvangeliet, 1823
er langt mere bestemt, end i de nyere Sprog.» Vidare seier
Schróter at «en urigtig Brug» av slike synonym «ej stóder
mindre end i det Græske.»
Denne utsegna tolkar vi slik: Schróter legg medvite vinn
pá á avgrensa orda etter innhaldet. Han jamfórer med gresk,
som han set færóysk i klasse med (pá dette punktet). Som
motsetnad nemner han «de nyere Sprog», og dansk kjem
vel truleg inn mellom dei.
Schróter byggjer pá talemálet, og han avviser all konstruk*
sjon. Det ser vi tydeleg av eit svarbrev til Rasmus Rask
(sendt til Rafn 1829). Schróter hadde sett om Fóroy*
ingasaga, og Rask hadde saumfare manuskriptet. I den
samanhengan spór Rask om bruken av orda Verpápi og
Verfájir. Rask har konstruert seg fram til eit anna ord,
Vujvfájir, og no vil han vita om dette kan nyttast i staden.
Schróter svarar kort og godt at «det kan ikke bruges.»
Elles gjer Schróter greie for nyansar mellom ei rad fær*
óyske ord og ordlag, sáleis freistar han á visa kva som er
skilnaden pá tosa, snakka og íá/a.1) Rask var lingvist, og
utfrá vanlege reglar for ordavleiing og samansetning har
han kome fram til eit ord som var filologisk litande, men
Schróter avviser ordet fordi det ikkje finst i talemálet.
Vi ser sáleis at Schróter báde i teori og praksis arbeider
málmedvite med ordvalet. Synonyma kjem ikkje inn pá
slump. Ordvalet rettar seg etter emnet. Nylagingar avviser
han. Denne átgáinga Iegg ein nyanse til biletet av Schróter.
Det har stundom vore sagt at Schróter vantar stilsans. Det
kan ikkje vera rett. Tvertom. Det er stilsans han har, men
denne stilsansen er av eit anna slag enn den vi móter etter
at den jamfórande og historisk*etymologiske málgranskinga
hadde endra synet pá sprákleg purisme, og den nasjonale
og romantiske málreisinga som bygde pá desse sprákí
teoriane, hadde drive inn i folk ein annan smak, m. a.
gjennom litteraturen, som no fekk mykje sterkare gjennom*
slagskraft som norm for skrivinga.
*) Jfr. «Færoensia», bd. VI, s. 51 ff.