Fróðskaparrit - 01.01.1964, Side 229
Kring J. H. Schrdters omsetjing av MatteussEvangeliet, 1823 237
vart styrkt. Rettskrivingsspórsmál kunne lóysast, formverket
kunne fastleggjast, for dette var berre á bokfóra praksis etter
eit visst system. Ofte vil ein strid om skrivemáten fóra eit
ordskifte om mál ut pá vidotta og skyggja for problem
som viktigare kan vera (t. d. innanfor syntaks og ordavleiing).
Ein mann som Ivar Aasen var nok mykje oppteken av
rettskrivinga, men hans málreisingstanke greip mykje vidare.
Sáleis tenkte han mykje pá ordavleiinga og korleis ein skulle
kunna fá liv i sovande avleiingssuffiks.
Dette er nemnt her, fordi denne allmenne bakgrunnen kan
hjelpa oss til á skjóna kvifor Schróter mátte velja orda sine
slik han gjorde, dá han sette om Matteus=Evangeliet.
II
J. H. Schróters omsetjing av Evangelium Sankta Matthæ=
ussa (heretter avstytta til ME) kom pá prent i 1823.') Áret
fór hadde den fyrste boka pá færóysk mál kome ut, Fær=
óiske Qvæder om Sigurd Fofnersbane og hans Æt, utgjeven
av H. C. Lyngbye pá grunnlag av viseoppskrifter etter
J. H. Schróter. For ein viseutgjevar var den stórste vansken
rettskrivinga. Sá lenge han heldt seg til munnleg tradisjon
og gav att visene som han hadde hóyrt dei, hadde han
ingen vanskar med ordvalet. Teoretisk i alle fall ville dette
óg mátte gjelcla ordvalet i ein fri tekst eller ei fri omsetjing.
Vi ser dá óg at hovudtyngda av den fyrste færóyske og
nynorske litteraturen fell innafor emnet fri dikting (lyrikk,
smáforteljingar og skjónnlitteratur elles). Schrótertok eit steg
til. Han sette seg fóre á setja om ein Bibehtekst, der ord=>
valet var bunde. Han kunne ikkje fritt velja orda etter eige
tykkje. Spráklege omsyn mátte t. d. vika for dogmatiske
og religióse. Folks smak og tilvande málbruk kunne han
heller ikkje sjá bort frá, jamvel om han hadde vilja.
Til dette kjem ein annan viktig ting, som ikkje má
glóymast. Schróter hadde ingen ordbóker á sjá etter i, ingen
') Jfr. Chr. Matras i «Varðin», bd. XVI, 1936, s. 181 ff., der det er
gjort nærare greie for korleis omsetjinga vart til.