Fróðskaparrit - 01.01.1964, Blaðsíða 236
244 Kring J. H. Schróters omsetjing av MatteusÆvangeliet, 1823
fall slik vi móter det i Noreg: fjellmála var ekte og norske,
dei var eldst og hadde halde pá mest av det gamle (kva
dette «gamle» var, spurde ingen etter). Vi rórer her ved
den kompliserte teorien om dei sákalla «fordærvede Dia*
Iecter». Schróter er ikkje inne pá slike tankar, ser det ut til.
Han freistar á halda seg til det han reknar for álment
færóysk, det som alle skjónar. Det «rette» er ikkje utan
vidare identisk med det «gamle», dvs. med det som t. d. i
Noreg vart rekna for normalt. «Utkantane» (her: nord og
sór) bór vika for det som ligg midt imellom og ber bru
til báe sider. Den historisksetymologiske skulen derimot
har ein annan framgangsmáte: Det samlande, det normale
er ikkje «midt»‘standpunktet, men «over»=standpunktet.
Ytterkantene vert dregne inn under eit sams tak (dette synet
ligg m. a. til grunn for teorien om skriftmálet som sprák*
leg generalnemnar for málfóra, eit omgrep som det ofte
er tale om i Noreg).
Det «historiske» har sáleis eit anna innhald for Schróter
enn for dei menn som fylgde etter han. Det historiske
grunnlaget er ikkje det same som det /orhistoriske. Dette
ser ein m. a. av det Schróter seier om spráklán (lánord, fram*
andord, ordlag, litterære vendingar m. m.). Slike spráklege
element reknar han med, og han legaliserer dei ved m. a. á
visa til eldre religiós dikting, som nett har eit sterkt
innslag av framande sprákelement.
I brev talar Schróter om ymse leivder etter gamal færóysk
gudsteneste som han har funne, sáleis i Fámjin. Med fær*
óysk gudsteneste er det helst katolsk gudsteneste han
tenkjer pá. Brot av gamle katolske bóner (som han daterer
utfrá innhaldet), gjev samstundes próver pá gamalt religióst
mál. Denne sida ved Schróters sprákoppfatning skulle ha
vore nærare granska. Det som her vert sagt, er berre nokre
spreidde átgáingar kring emnet.
1 eit brev til C. Chr. Rafn (1832)') talar Schroter om ei religiós om-
setjing han har gjort, og seier i den samanheng at han har laga denne
') «Breve fra og til C. C. Rafn,» 1869, s. 311 f.